Ei annleis pinse

Share

Det blir ikkje sending i Valle Radio tysdag 26. mai heller.

Sist tysdag skreiv eg om at eg reiste til Valle med feber og vona at det skulle rette seg etter kvart. Det gjorde det ikkje, onsdag før langhelga var på ingen måte betre enn tysdagen. Så det var bare å reise heim til Mandal att og vone at nokre dagar heime ville ta knekken på det som herja. Men slik gjekk det ikkje.

17. mai måtte eg på legevakta, då fekk eg penicillinkur og sjukemelding, så i veka fram mot pinse vart det heller ikkje tysdagsending i radioen. Torsdag før pinse hadde eg ein avtalt kontroll på sjukehuset i Kristiansand, og då legen såg meg, vart eg lagd inn. I staden for penicillintablettar får eg det no intravenøst, fire gonger dagleg. Når eg skriv dette, har eg akkurat fått dagens siste dose. På avdelinga vart eg teken imot av Marit Salvesen. Vår gamle radio-kollega Theis vil nok meine at eg såleis kom i dei aller beste hender, noko eg er svært samd med han i.

Smått om senn kjenner eg at krefter vender tilbake og at systemet tek til å fungere att. Vonleg tek det seg meir opp etter kvart.

Til Valle med feber

Share

Måndag kveld gjekk turen til Valle. Eg hadde sove det meste av dagen og tenkte at no kunne eg dra. Som tenkt, så gjort. Turen oppover gjekk greitt, men dei heldt på med tunnelrensking i Fånefjellstunellen, så der vart det ein pause på eit kvarter.

Vel framme var det bare å legge seg, og det var tydeleg at feberen ikkje hadde slept taket. I dag var eg betre, men slapp etter ein slik tur.

Vonleg rettar det seg etter kvart.

Spysjuke

Share

Sundag ettermiddag slo ei spysjuke meg ut. Eg hakka tenner og fraus, så det var bare å kome seg tidleg i seng.

Eg sov frå klokka 21 til klokka 8, snudde meg og sov vidare eit par timar, bestemte at det ikkje skal vere noko sending i morgon og fekk sendt melding til avisa.

Feber og spysjuke er ikkje noko å trakte etter.

Båtflykningar

Share

I gamle dagar snakka vi om båtflyktningar og tenkte på vietnamesiske flyktningar som vart tekne opp av norske båtar og difor kom til Norge. Moderne båtflyktningar er folk frå land i Afrika og Asia som prøver å kome seg til Europa ved å bruke småbåtar over Middelhavet.

Sist veke var desse flyktningane i fokus i aviser og media, det kjem tusenvis i små holkar av båtar til Italia og Hellas og derifrå tek dei seg nordover i Europa og søkjer asyl i Sverige og Norge.

Gjennom abonnement på TV2 Skole ser vi på tilrettelagde program frå TV2 på Valle Vaksenopplæring, og sist veke var dette tema også der.

-Korleis kom du til Europa? spurde eg nokre av elevane mine.
-Slik som du nettopp såg i programmet frå TV2 skole, var svaret.

Dei går altså midt mellom oss, folk som har opplevd det vi såg på TV sist veke, i overfylte båtar på tur over Middelhavet til ei strand i Europa. Bort frå krig og vald til eit liv i trygge Valle, langt inne mellom fjella.

Det er å vone at dei får oppleve tryggleik og får familiane sine hit, anten dei er frå Syria eller Eritrea, som dei nye flyktningane i Valle kjem frå.

Tysdag hadde eg med på telefonen Stig Jarle Hansen. Han er forskar som har arbeidd mykje med situasjonen på Afrikas horn og han fortalde noko om kvifor folk reiser frå Eritrea. Landet reiv seg laus frå Etiopia og alle gledde seg, men han som leidde frigjeringskampen og tok makta, klarte ikkje å etablere eit demokratisk land, i staden er det blitt eit militærdiktatur, Hansen kalla det Afrikas Nord-Korea. I 2013 kom det langt over 3000 frå Eritrea til Norge, det er nokre av desse som no prøver å lære norsk i Valle og som etter kvart ønskjer å få jobb og eit trygt liv her.

Oppdatering på Wikipedia

Share

Lokalradioar kan ha artiklar på Wikipedia, og difor har Valle Radio hatt artikkel på det nasjonale nettleksikonet frå 2006, det var truleg ein av dei første artiklane eg skreiv der. Men frå 2007 har eg knapt vore innom artikkelen.

I ein kommentar på mi brukarside der kom eg til å nemne at eg hadde vore programleiar i Valle Radio onsdagskvelden. Ein av dei som las kommentaren, klikka på lenka og kom til at informasjonen der måtte vere noko gammal og lurte på om det ikkje var på tide å oppdatere den.

Då eg gjekk inn der og las, kunne eg ikkje anna enn å vere samd med han i det, det har jo skjedd ei utvikling på dei knappe ni åra sidan artikkelen der vart skriven. No sender vi over Internett til heile Setesdal kvar gong, det gjorde vi ikkje på den tida, for å ta eit eksempel.

Vi tenkjer ofte at det skjer ikkje så mykje med det vi held på med, det er det same frå år til år. Men over tid skjer det små endringar og når mange små endringar er gjennomførte, knapt utan at vi tenkte på det, så verkar det som om det er stor endring.

Artikkelen skulle no vere høveleg i pakt med det som er situasjonen for radioen. Du kan jo lese han sjølv:

https://no.wikipedia.org/wiki/Valle_Radio

Fattige minstepensjonistar

Share

Tysdagskvelden hadde eg Gro Lande på telefonen. Ho hadde same dagen skrive eit innlegg i Setesdølen om fattige minstepensjonistar. Det innlegget vil kome i fleire aviser, for Pensjonistforbundet har ein kamp no for å rette opp situasjonen for fattige minstepensjonistar.

Gro Lande ville setje søkelyset på situasjonen som mange, særleg bondekvinner har kome i. Dei arbeidde på garden, men før 1986 var det ikkje lov å ta ut lønn frå gardsarbeidet, og dermed fekk dei heller ikkje pensjonspoeng. Dei har difor ikkje hatt høve til å få full opptening, og vert sitjande att som minstepensjonistar, sjølv om dei i realiteten har hatt arbeid tilsvarande fulltidsstilling i lang nok tid.

Om dei så opplever skilsmisse, kjem dei ekstra dårleg ut, kunne Gro Lande fortelje med eit eksempel frå ei kvinne kalla Anna. Pensjonistforbundet krev at minstepensjonen må kome opp i 250.000 kroner. Over tid vil talet på minstepensjonistar gå ned, så om Staten no yter det som skal til for å hjelpe dei som har kome i ei slik klemme, vil utgiftene til dette vere høge dei første åra, men deretter vil dei gå nedover som følgje av naturleg avgang.

Sjølv om det er mange pensjonistar, er det på langt nær alle som er med i Pensjonistforbundet, som er politisk uavhengig, men som slåss for villkåra til pensjonistar. Alle burde vere med, sa Gro Lande, som har vore leiar i Pensjonistforbundet Aust-Agder i ti år. Ein kan vere direkte medlem, ein treng ikkje vere tilknytta ei pensjonistforening. Når vi er mange saman, står vi sterkare i forhandlingane med Staten, meinte ho, og vona at fleire folk i Setesdal ville melde seg inn. For også i Setesdal er det fattige minstepensjonistar, ein har rekna ut at knapt ein prosent av pensjonistane fell inn i denne gruppa.

Jordskjelv og dammar

Share

I den aktuelle halvtimen i kveld fekk eg besøk av Reidar Ove Mork, direktøren i Otra Kraft. Eg hadde bedt han kome i radioen for å fortelje om damsikring i høve jordskjelv, og det gjorde han så godt at ingen skulle trenge tenke på det meir.

Føresegnene seier at dammar i Norge skal byggjast til å tåle eit jordskjelv på 5 på Richters skala, og jordskjelvet 30. april 2015 var 3,7, så det er langt att. Like fullt hadde dei hatt ekstra oppsyn etter jordskjelvet, alt morgonen etter skjelvet hadde NVE vore på tråden for å høyre.

Sjølv sov han då skjelvet kom klokka kvart på eitt, men han vakna og lurte på kva det kunne vere, men då han ikkje høyrde meir, la han seg til å sove att. Neste morgon høyrde han på radio at det hadde vore eit jordskjelv, og då fall brikkene på plass.

Otra Kraft eig vel 7% i Ulla Førre, ettersom noko av vatnet i Blåsjø eigentleg skulle kome ned i Otra og dermed vore ein del av grunnlaget for kraftproduksjonen her. Både dei og Otra Kraft ved ansvarleg for dammane Ole Morten Egeland hadde ekstra synfaring på dammane etter skjelvet, men det mest tydelege indikatoren for skade er om det er auka lekkasje, dette vert overvaka kontinuerlig frå driftsentralen på Brokke, og dei såg inga endring i lekkasjane nokon stad.

Noko av grunnen til at dette jordskjelvet fekk ekstra merksemd, var nok at det skjedde kort tid etter det store skjelvet i Nepal, som var på over 7 på Richters skala. Norge har engasjert seg i utbygging av vasskraft i Nepal gjennom mange år, kunne Mork fortelje, og etter det han visste hadde dammane Statkraft har der, tolt skjelvet. Men han trudde nok at der hadde dei endå strengare krav enn i Norge, for dette ligg i ein sone av jorda der det er mange jordskjelv. I vårt område har det vore jordskjelv opp gjennom åra sidan dammane vart bygde, men dei har vel helst vore mindre enn det vi hadde denne gongen og kanskje helst bare blitt merka av seismografar.

Elles kunne Reidar Ove Mork fortelje at no var det bare att litt finpuss, så var Brokke Nord og Sør ferdig. Til sommaren skal dei sleppe vatn over dammen eit par dagar, då kjem ein til å få sjå Sarvsfossen i all si velde att ein kort periode.

Travel Oslo-tur

Share

I dag var ordførar Tarald Myrum i Oslo, og på heimvegen fortalde han i Valle Radio om det han hadde vore med på. Eg fekk han på tråden fordi eg ville høyre litt om besøket hans hos Svein Harberg. Han tok opp hansken frå Olav Straume om situasjonen når det gjeld lafta hytter over 150 kvadratmeter, dersom dei nye føresegnene vert vedtekne, må dei ha kledning inne eller ute, og då ser ein ikkje laftinga. Folk som vil ha lafta hytter, vil jo sjå laftet, så ein slik regel vil endre mykje for dei som bygger slike hytter.

Svein Harberg er leiar av kulturkomiteen og dei steller mellom anna med slike spørsmål, så han lytta interessert til det Tarald hadde å legge fram. Denne saka er det mange som er opptekne av, ikkje bare i Setesdal, men og i Vinje, Gudbrandsdal, Nordmøre og Trøndelag. Den er viktig for innlandsbygder der ein har nytta lafteteknikk i tusen år. Men laftebyggjarane har ein organisasjon som gjer ein god jobb med å få fram synspunkt på saka. Likevel vil formannskapet i Valle kome med ein uttale i saka før fristen, som var 18. mai.

I tillegg til å snakke med Harberg, var Tarald Myrum også i møte med Bård Hoksrud om Riksveg 9. Det er alt 40 millionar på plass for neste år, men før ein kan starte på Skomedal, treng ein 35 millionar til. Han hadde med seg Jon Rolf Næss frå Bykle, Vest-Agder sin stortingsrepresentant frå KrF, Lyngdalsmannen Hans Fredrik Grøvan og enda eit par til. Møtet gjekk bra, Hoksrud har så langt ein kan skjøne, sans for at vi treng å få gul stripe til Hovden. Så får vi håpe at pengane kjem inn på statsbudsjettet for 2016.

Program for første veke i mai 2015

Share

Tysdag 5. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld med noko attåt
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 6. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt etter klokka 20.30: Solveig Rysstad og Jorunn Helle

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen invormerer ved Heni Tore Viki
20.00 Aktuell halvtime
20.30 PG Stølen på telefonen om plata Wild Rivers
21.00 Opi sending

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Skrivekonkurranse

Share

Som eg sa i går, vil vi i mai ha ein skrivekonkurranse på Setesdalswiki.
På konkurransesida heiter det:

«I mai 2015 startar vi ein skrivekonkurranse på Setesdalswiki. Den vil gå etter same modell som konkurransen i april, men i mai må du opprette ein artikkel for å bli med i konkurransen. Du kan sjølv velje målform. For å kunne skrive artiklar på Setesdalswiki, må du registrere deg.

Artiklar som skal telje med i konkurransen, må ta utgangspunkt i ei rød lenke og ha minst 250 bytes. Kvar ny artikkel gjev eit lodd i konkurransen. Premien er eit 37 delers pipenøkkelsett sponsa av Byggi Valle. Trekning skjer 1. juni 2015.»

No vonar eg at nokon av dykk som les bloggen, registerer dykk og blir med i konkurransen. Finn ei rød lenke på Setesdalswiki og skriv artikkelen.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside