Båtflykningar

Share

I gamle dagar snakka vi om båtflyktningar og tenkte på vietnamesiske flyktningar som vart tekne opp av norske båtar og difor kom til Norge. Moderne båtflyktningar er folk frå land i Afrika og Asia som prøver å kome seg til Europa ved å bruke småbåtar over Middelhavet.

Sist veke var desse flyktningane i fokus i aviser og media, det kjem tusenvis i små holkar av båtar til Italia og Hellas og derifrå tek dei seg nordover i Europa og søkjer asyl i Sverige og Norge.

Gjennom abonnement på TV2 Skole ser vi på tilrettelagde program frå TV2 på Valle Vaksenopplæring, og sist veke var dette tema også der.

-Korleis kom du til Europa? spurde eg nokre av elevane mine.
-Slik som du nettopp såg i programmet frå TV2 skole, var svaret.

Dei går altså midt mellom oss, folk som har opplevd det vi såg på TV sist veke, i overfylte båtar på tur over Middelhavet til ei strand i Europa. Bort frå krig og vald til eit liv i trygge Valle, langt inne mellom fjella.

Det er å vone at dei får oppleve tryggleik og får familiane sine hit, anten dei er frå Syria eller Eritrea, som dei nye flyktningane i Valle kjem frå.

Tysdag hadde eg med på telefonen Stig Jarle Hansen. Han er forskar som har arbeidd mykje med situasjonen på Afrikas horn og han fortalde noko om kvifor folk reiser frå Eritrea. Landet reiv seg laus frå Etiopia og alle gledde seg, men han som leidde frigjeringskampen og tok makta, klarte ikkje å etablere eit demokratisk land, i staden er det blitt eit militærdiktatur, Hansen kalla det Afrikas Nord-Korea. I 2013 kom det langt over 3000 frå Eritrea til Norge, det er nokre av desse som no prøver å lære norsk i Valle og som etter kvart ønskjer å få jobb og eit trygt liv her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *