Fattige minstepensjonistar

Share

Tysdagskvelden hadde eg Gro Lande på telefonen. Ho hadde same dagen skrive eit innlegg i Setesdølen om fattige minstepensjonistar. Det innlegget vil kome i fleire aviser, for Pensjonistforbundet har ein kamp no for å rette opp situasjonen for fattige minstepensjonistar.

Gro Lande ville setje søkelyset på situasjonen som mange, særleg bondekvinner har kome i. Dei arbeidde på garden, men før 1986 var det ikkje lov å ta ut lønn frå gardsarbeidet, og dermed fekk dei heller ikkje pensjonspoeng. Dei har difor ikkje hatt høve til å få full opptening, og vert sitjande att som minstepensjonistar, sjølv om dei i realiteten har hatt arbeid tilsvarande fulltidsstilling i lang nok tid.

Om dei så opplever skilsmisse, kjem dei ekstra dårleg ut, kunne Gro Lande fortelje med eit eksempel frå ei kvinne kalla Anna. Pensjonistforbundet krev at minstepensjonen må kome opp i 250.000 kroner. Over tid vil talet på minstepensjonistar gå ned, så om Staten no yter det som skal til for å hjelpe dei som har kome i ei slik klemme, vil utgiftene til dette vere høge dei første åra, men deretter vil dei gå nedover som følgje av naturleg avgang.

Sjølv om det er mange pensjonistar, er det på langt nær alle som er med i Pensjonistforbundet, som er politisk uavhengig, men som slåss for villkåra til pensjonistar. Alle burde vere med, sa Gro Lande, som har vore leiar i Pensjonistforbundet Aust-Agder i ti år. Ein kan vere direkte medlem, ein treng ikkje vere tilknytta ei pensjonistforening. Når vi er mange saman, står vi sterkare i forhandlingane med Staten, meinte ho, og vona at fleire folk i Setesdal ville melde seg inn. For også i Setesdal er det fattige minstepensjonistar, ein har rekna ut at knapt ein prosent av pensjonistane fell inn i denne gruppa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *