Jordskjelv og dammar

Share

I den aktuelle halvtimen i kveld fekk eg besøk av Reidar Ove Mork, direktøren i Otra Kraft. Eg hadde bedt han kome i radioen for å fortelje om damsikring i høve jordskjelv, og det gjorde han så godt at ingen skulle trenge tenke på det meir.

Føresegnene seier at dammar i Norge skal byggjast til å tåle eit jordskjelv på 5 på Richters skala, og jordskjelvet 30. april 2015 var 3,7, så det er langt att. Like fullt hadde dei hatt ekstra oppsyn etter jordskjelvet, alt morgonen etter skjelvet hadde NVE vore på tråden for å høyre.

Sjølv sov han då skjelvet kom klokka kvart på eitt, men han vakna og lurte på kva det kunne vere, men då han ikkje høyrde meir, la han seg til å sove att. Neste morgon høyrde han på radio at det hadde vore eit jordskjelv, og då fall brikkene på plass.

Otra Kraft eig vel 7% i Ulla Førre, ettersom noko av vatnet i Blåsjø eigentleg skulle kome ned i Otra og dermed vore ein del av grunnlaget for kraftproduksjonen her. Både dei og Otra Kraft ved ansvarleg for dammane Ole Morten Egeland hadde ekstra synfaring på dammane etter skjelvet, men det mest tydelege indikatoren for skade er om det er auka lekkasje, dette vert overvaka kontinuerlig frå driftsentralen på Brokke, og dei såg inga endring i lekkasjane nokon stad.

Noko av grunnen til at dette jordskjelvet fekk ekstra merksemd, var nok at det skjedde kort tid etter det store skjelvet i Nepal, som var på over 7 på Richters skala. Norge har engasjert seg i utbygging av vasskraft i Nepal gjennom mange år, kunne Mork fortelje, og etter det han visste hadde dammane Statkraft har der, tolt skjelvet. Men han trudde nok at der hadde dei endå strengare krav enn i Norge, for dette ligg i ein sone av jorda der det er mange jordskjelv. I vårt område har det vore jordskjelv opp gjennom åra sidan dammane vart bygde, men dei har vel helst vore mindre enn det vi hadde denne gongen og kanskje helst bare blitt merka av seismografar.

Elles kunne Reidar Ove Mork fortelje at no var det bare att litt finpuss, så var Brokke Nord og Sør ferdig. Til sommaren skal dei sleppe vatn over dammen eit par dagar, då kjem ein til å få sjå Sarvsfossen i all si velde att ein kort periode.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *