Sommarbåten

Share

Om ikkje sommarvarmen har kome til Sørlandet, så har midnattsola kome til Nord-Norge. Det ser vi på Sommarbåten, som i kveld var komen til Harstad. Eg har ikkje sett på underhaldningsprogrammet dei lagar når dei kjem fram, men eg såg på Twitter at det har sett ny rekord i talet på sjåarar, trur det var over 700.000 som hadde sett programmet ein gong denne veka.

Heller ikkje har eg site natta gjennom og fylgt med på seilasen minutt for minutt, slik eg gjorde store deler av tida for eit par år sidan. Då gjekk seilasen også på dagtid, så vidt eg hugsar.

Men den halvtimen etter Dagsrevyen har vore ei stor glede å fylgje på turen gjennom Finnmark og Troms. Dette er kjende trakter frå mitt reiseliv frå år tilbake, så det har vore ei glede å fylgje med. Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over korleis folk står på holmar og skjær og vinkar med flagg og plakatar midt på natta.

-Eg har mest døgna ei veke no, så det er på tide å takke for seilasen og late andre overta, sa den eine programleiaren i kveld. Slik er det ofte i nord om sommaren, eg tenkjer med glede tilbake på fisketurar på natta og kaffebesøk på den tida ein legg seg i sør.

I kveld fanga eit program med Ola Bremnes interessen, det var eit portrett for å forstå miljø og bakgrunn for ein nordnorsk artist av det meir seriøse slaget. Han rappa Petter Dass på skuleturne, men hans vare tekstar om vennskap og miljø er vel verd å høyre på, ikkje minst for ein som sjølv prøver å skrive litt av og til. Ein når ikkje så lett opp til eit slikt nivå, sangen Mi pia er jo eit meisterverk. Finn gjerne fram gitaren og klimpre den til kjærasten din, her er teksten: http://nortabs.net/tab/3086/

Teltmøta på jordet i Krossen

Share

I ein stor artikkel i dagens Setesdølen fortel Sigurd Haugsgjerd om bonden og snekkaren som eig jordet i Krossen, der det har vore teltmøte i fleire år no.

Bonden Tor Syvert Jokelid har 75 høns og sel kortreiste egg, heiter det i artikkelen, som vert avslutta slik:

Det er Ungdom i Indre Agder som står bak (teltmøta), både folk frå Evje og Hornnes, og frå Byremo og Eiken. Dei er alle med som arrangørar og skaffar musikalske krefter til møta. Indremisjonsforbundet har skaffa to av talarane. Den tredje kjem frå Norsk Luthersk Misjonssamband. Alle tre greier nok å overdøyve kaklinga frå nabohuset.

Via Ferrata på Helle

Share

Eg har hatt gleda av å ha Noi i klassen som lærer norsk. Difor var det spennande å å sjå henne klatre Via Ferrata på NRK sørlandssendinga sist fredag. http://www.nrk.no/sorlandet/nord-europas-lengste-klatreloype-er-klar-1.12406772

Ei god veke etter at klatringa starta, hadde 150 prøvd seg, og 150 bestilt. Arne Holskog er overraska over kor fort det har spreidd seg, men reknar med at tyskarar og britar også vil få augo opp for denne lange klatreveggen. I tillegg til innslaget som eg la ut lenke til over, var det også eit innslag om Straumsbolten, som tilsvarar Kjeragbolten. https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-soerlandet/DKSL99062215/22-06-2015#t=9m23s

Eg er no glad at eg ikkje skal prøve dette.

Sommarferie

Share

Det kan sjå ut som om bloggen har teke sommarferie. Men gnisten til å skrive fekk lite næring av penicillinkuren eg måtte ha for å få slå tilbake infeksjonen eg fekk i mai, så mange av dei skriveoppgåvene eg hadde tenkt å fullføre, måtte liggje. Ein av dei var bloggen.

Sjølv om det er sommarferietid og sola har snudd, har vi ikkje hatt sommarvarme til no i år. Det fører til at rypene strevar for å få fram kulla sine, så Tor Punsvik meinte at det vart lite å jakte på til hausten. Men reinsdyra i Setesdalsheiane har klart seg betre enn dei på Hardangervidda, til tross for all den snøen dei har hatt å bakse med. Kan hende skuldast det at dei i stor grad held seg på austheia, der har det ikkje vore like mykje snø som i vest.

Men den milde vinteren har truleg ført til at flåtten slett ikkje har gitt seg, så det er gode høve til store flått-overskrifter i avisene. Eg kjem neppe til å skrive så mykje om flått, men heller sjå om eg kan finne aktuelle tema i Setesdal å skrive om på Valle Radios blogg. Eg fekk ein kommentar her om dagen om at eg truleg var ein av få bloggarar som ikkje hadde skrive om biskop Stein i høve til at han ikkje kunne besøke Byglandsfjord oppvekstsenter. Det har eg ikkje gjort i dag heller, eg er nok meir saksorientert enn debattorientert.

Vonleg finn eg små og store hendingar i Valle Radio sitt nedlagsfelt som eg kan nemne på bloggen i sommar, sjølv om me ikkje har sendingar. Difor vil du sikkert finne noko interessant også i sommar om du fylgjer med på det eg skriv.

Endelig i Agderposten

Share

Alt i mars skreiv eg om at den burmesiske halvtimen i Valle Radio skulle omtalast i ein artikkel i Agderposten. Laurdag stod den på trykk, eg fekk eit tips frå Reidar Tveito om det sundag og klarte å sikre meg eit eksemplar av avisa. Artikkelen er lagt ut på nett, men ligg bak ein betalingsmur, eg har jo før skrive om «hengelåsposten». http://www.agderposten.no/kjop-tilgang?aId=1.1421457

At vi kan ha eit slikt tilbod på burmesisk i Setesdal er ganske unikt. Etter det eg har fått høyre frå journalisten først tok kontakt, er det ikkje nokon andre lokalradioar i heile landet som har eit tilsvarande opplegg der ei gruppe innvandrarar lagar lokalradio på sitt eige språk.

Artikkelen heiter Burmesiske radionyheter i Setesdal. Det er ikkje slik at nyhetene handlar om Burma. Dei handlar om livet i Setesdal. Det kan vere nyheter som er mest relevante for burmesarane, til dømes om arrangement på burmesisk språk eller der dei skal delta med innslag. Men dei fleste nyhetene handlar om livet i Setesdal, det kan du til dømes sjå på sida til programmet i Valle Radio 5. mai, slik den ligg på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Tysdagssending_i_Valle_Radio_20150505&action=edit&section=2

Sendinga den dagen vart siste sendinga våren 2015, då eg vart sjuk og måtte kaste inn handkleet resten av vårsemesteret. Om du vil sjå fleire av nyhetene som vart presenterte på burmesisk, kan du gå til http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kategori:Valle_Radio_v%C3%A5ren_2015 og sjå på tysdagssendingane på den lista.

Misjonsbilder

Share

I går skreiv eg om Guri Sola, sjukepleiar og misjonær med livslang teneste i Kamerun.

Guri er omtalt i Marianne Gullestad si bok Misjonsbilder som kom i 2007. Der har forfattaren sett på kva slags bodskap bileta frå misjonsmarka gav misjonsfolket i heimlandet. I ei fotnote heiter det: Mange misjonærar fekk pengar direkte frå støtter i heimlandet. For eksempel heldt Guri Sola, misjonær i Kamerun frå 1957 til 1993, kontakt med ei gruppe på 17 kvinner som ba for henne, samla inn pengar og sendte brukte klær som ho kunne dele ut.

Misjonsarbeidet i Ngaoundere, som har vore senter for NMS sitt arbeid i Kamerun, vart teke opp på 1920-talet, kyrkja der vart vigsla i 1933. Arbeidet vart drive i samarbeid med den lutherske kyrkja i USA og det var sjukehus, tannlegeklinikk, college og studio for radioen Evangeliets Røst der.

Det var altså mykje å ta bilete av i dette området. Arkivet til NMS har både bilete og film frå misjonærkonferansar og andre arrangement så vel som bilete av bygningar, folk og graver. Dette studerte Marianne Gullestad for å sjå kva bodskap som vart formidla heim til misjonsfolket om målgruppa for arbeidet, slik at misjonsfolket skulle gje pengar og forbønn i støttearbeidet.

To av dei meir kjende norske misjonærane i Kamerun var:

Biskop Bjørn Bue var misjonær i Kamerun og tilsynsmann for arbeidet i landet.

Konstanse Raen sitt arbeid som bibelomsetjar var også i Kamerun.

Misjonær livet ut

Share

Nyleg var det ein dødsannonse i Vårt Land som gav tankar eg vil dele med dykk på bloggen i dag. Annonsen gjaldt misjonær Guri Sola. Ho var svigerinne til søster mi, nesten 90 år gammal då ho sovna inn. I dag var var gravferda henna frå Sola kyrkje.

I Norsk Misjonsleksikon står ho omtalt slik:

Guri Sola, NMS, Kamerun, født i Sola 26. august 1925, datter av gårdbruker Gitle Sola og hustru Ingeborg, f. Ølberg. Hun ble utdannet sykepleier ved Rogaland sykehus 1947-50, arbeidet ved psykiatrisk avd. Tønsberg sykehus 1951-52, gikk Statens jordmorskole, Rikshospitalet 1953-54 og Misjonsskolen for kvinner, Oslo, 1955-56. Etter studieophold i Paris 1956-57 reiste hun samme året til Kamerun, der hun har vært stasjonert i Ngaoundere, Mbe, Yoko og Bankim.

Dette var omtale i 1967, då hadde ho 10 år bak seg som misjonær.

Eg møtte Guri Sola ved fleire høve, men nytta aldri desse høva til å få henne til å fortelje frå tida i Kamerun, ho var i aktiv teneste heilt til 1993. Det angrar eg på i dag og lyser fred over minnet til Guri Sola.

Setesdølen sitert hos Hugin og Munin

Share

Ved fleire høve er det prov på at Setesdølen vert lesen i Vårt Land, i det minste i ravnereiret til Hugin og Munin, som humorspalta deira på siste sida vert kalla.

I dagens avis hadde dei fanga opp biskop Stein Reinertsens visitas i Bygland, der han mellom anna var i barnehagen og fortalde om prestekjole og bispekåpe og fekk kommentaren: Det er ikkje Batman, for han er svart.

Ravnane sin kommentar til dette er å fortelje at ingen kommenterte biskopen sine klede då han etter besøket i barnehagen kom til Byglandsheimen.

Meiningsbærar eller idyllskapar?

Share

Overskrifta i dag er henta frå eit lesarbrev av Johnny Haugen i Setesdølen fredag. Det var eit innlegg som fylte nesten ei heil side i avisa, så om eg hadde hatt radio i kveld, ville eg nok hatt ein prat med Johnny Haugen om synspunkta hans. Mange hoppar over lange artiklar i avisa og tenkjer at dei skal lese dei seinare, og så vert dei ikkje lesne.

I innlegget tek han mellom anna til orde for at Setesdølen bør få ei digital utgåve, i alle fall bør eldre utgåver digitaliserast. Som ein av få publikasjonar har Setesdølen halde seg unna digitalisering. Kostnadene ved det er truleg for store. Nokon må jo gjere jobben.

Men avisa har vore open for at Setesdalswiki kan nytte stoff frå avisa, og overskriftene frå 2009 til no er for det meste å finne der, i tillegg til ein del utgåver frå før 2009. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Liste_over_utgjevingar_av_Setesd%C3%B8len

Det har gitt grunnlag for mykje stoff i det digitale leksikonet for Setesdal. I så måte er regionen heldig stilt, ikkje mange regionar har ei tilsvarande digital kjelde til informasjon. Stoff frå Setesdølen er omforma til ei meir tidlaus form, eit oppslagsverk har som regel eit lenger tidsperspektiv enn ei avis.

Men Johnny Haugen har eit poeng i at det ikkje er nokon stad ein lesar kan kommentere det som står i Setesdølen. Kommentarar må leverast som lesarbrev til avisa, og etter det eg kan sjå, er lesarbrev høgt prioriterte. Dei vert ikkje liggjande lenge om dei kommenterer noko som avisa har skrive. I den digitale tidsalder vil det jo opplevast tregt når det likevel går dagar mellom innlegga i ei papiravis. Setesdølen skulle kanskje opprette eit diskusjonsforum på nettsida si, der lesarar kunne kommentere saker avisa har oppe, til dømes ved å legge ut overskriftene til nokre av artiklane. Om debattkulturen hos lesarane til avisa er betre enn det ein finn i ein del nett-debattar i andre aviser, vil då syne seg.

Alternativt kunne ein lage ei nettside der inviterte skribentar kunne få blogge om setesdalsrelaterte emne. Ein blogg kostar lite å drive, så det ville nok ikkje ruinere avisa, men kanskje heller gje idear til artiklar i papiravisa om ein fekk folk som var villige til å skrive der no og då.

Kald start på sommaren

Share

I dag er det 1. juni og det vart ein kald start på sommaren. Suleskarvegen stengde, det er ikkje så rart for den går over 1000 meter høgt. Men det fall nysnø også på Hovden, det kom til og med på riksdekkande NRK klokka 21. http://www.nrk.no/sorlandet/snokaos-i-juni-1.12388829

Så sjølv om sola skin og varmar i korte periodar, er hovudopplevinga at det vart ein kald start på sommaren.

I og med at vi no er komne i juni, er det slutt på sendingane i Valle Radio. For mine tysdagssendingar vart det ein brå slutt alt tidleg i mai, ettersom eg vart sjuk og til og med hamna på sjukehus. Eg vart liggjande der i fem dagar, så var det heim for å vere rekonvalesent heime og ete meg gjennom ein penicillinkur. På sjukehuset fekk eg det intravenøst og det ga jo ein god start på å drive ut infeksjonen som hadde sett seg i kroppen. No kviler og søv eg og vonar å kome til krefter att etter kvart som kveldane vert endå lysare og temperaturen stig nokre grader.