Meiningsbærar eller idyllskapar?

Share

Overskrifta i dag er henta frå eit lesarbrev av Johnny Haugen i Setesdølen fredag. Det var eit innlegg som fylte nesten ei heil side i avisa, så om eg hadde hatt radio i kveld, ville eg nok hatt ein prat med Johnny Haugen om synspunkta hans. Mange hoppar over lange artiklar i avisa og tenkjer at dei skal lese dei seinare, og så vert dei ikkje lesne.

I innlegget tek han mellom anna til orde for at Setesdølen bør få ei digital utgåve, i alle fall bør eldre utgåver digitaliserast. Som ein av få publikasjonar har Setesdølen halde seg unna digitalisering. Kostnadene ved det er truleg for store. Nokon må jo gjere jobben.

Men avisa har vore open for at Setesdalswiki kan nytte stoff frå avisa, og overskriftene frå 2009 til no er for det meste å finne der, i tillegg til ein del utgåver frå før 2009. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Liste_over_utgjevingar_av_Setesd%C3%B8len

Det har gitt grunnlag for mykje stoff i det digitale leksikonet for Setesdal. I så måte er regionen heldig stilt, ikkje mange regionar har ei tilsvarande digital kjelde til informasjon. Stoff frå Setesdølen er omforma til ei meir tidlaus form, eit oppslagsverk har som regel eit lenger tidsperspektiv enn ei avis.

Men Johnny Haugen har eit poeng i at det ikkje er nokon stad ein lesar kan kommentere det som står i Setesdølen. Kommentarar må leverast som lesarbrev til avisa, og etter det eg kan sjå, er lesarbrev høgt prioriterte. Dei vert ikkje liggjande lenge om dei kommenterer noko som avisa har skrive. I den digitale tidsalder vil det jo opplevast tregt når det likevel går dagar mellom innlegga i ei papiravis. Setesdølen skulle kanskje opprette eit diskusjonsforum på nettsida si, der lesarar kunne kommentere saker avisa har oppe, til dømes ved å legge ut overskriftene til nokre av artiklane. Om debattkulturen hos lesarane til avisa er betre enn det ein finn i ein del nett-debattar i andre aviser, vil då syne seg.

Alternativt kunne ein lage ei nettside der inviterte skribentar kunne få blogge om setesdalsrelaterte emne. Ein blogg kostar lite å drive, så det ville nok ikkje ruinere avisa, men kanskje heller gje idear til artiklar i papiravisa om ein fekk folk som var villige til å skrive der no og då.