Sommarbåten

Share

Om ikkje sommarvarmen har kome til Sørlandet, så har midnattsola kome til Nord-Norge. Det ser vi på Sommarbåten, som i kveld var komen til Harstad. Eg har ikkje sett på underhaldningsprogrammet dei lagar når dei kjem fram, men eg såg på Twitter at det har sett ny rekord i talet på sjåarar, trur det var over 700.000 som hadde sett programmet ein gong denne veka.

Heller ikkje har eg site natta gjennom og fylgt med på seilasen minutt for minutt, slik eg gjorde store deler av tida for eit par år sidan. Då gjekk seilasen også på dagtid, så vidt eg hugsar.

Men den halvtimen etter Dagsrevyen har vore ei stor glede å fylgje på turen gjennom Finnmark og Troms. Dette er kjende trakter frå mitt reiseliv frå år tilbake, så det har vore ei glede å fylgje med. Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over korleis folk står på holmar og skjær og vinkar med flagg og plakatar midt på natta.

-Eg har mest døgna ei veke no, så det er på tide å takke for seilasen og late andre overta, sa den eine programleiaren i kveld. Slik er det ofte i nord om sommaren, eg tenkjer med glede tilbake på fisketurar på natta og kaffebesøk på den tida ein legg seg i sør.

I kveld fanga eit program med Ola Bremnes interessen, det var eit portrett for å forstå miljø og bakgrunn for ein nordnorsk artist av det meir seriøse slaget. Han rappa Petter Dass på skuleturne, men hans vare tekstar om vennskap og miljø er vel verd å høyre på, ikkje minst for ein som sjølv prøver å skrive litt av og til. Ein når ikkje så lett opp til eit slikt nivå, sangen Mi pia er jo eit meisterverk. Finn gjerne fram gitaren og klimpre den til kjærasten din, her er teksten: http://nortabs.net/tab/3086/