Med over hundre bøker i bagasjen

Share
Landeskogen er møteplassen i dag

Når Landeskogen Litteraturfest opnar om eit par timar, har forfattarane som skal delta over hundre bøker i bagasjen sin. Bøkene er ikkje på utstilling på Landeskogen, så det er nok helst som virtuell bagasje, den er jo ganske lett å bære. (Eg som har hatt folk til å rydde i boksamlinga mi i sommar, veit noko om at bøker veg mykje.)

Grunnen til at eg kom til å tenkje på dette var at eg sette meg som mål å skrive artiklar på Setesdalswiki om dei som skal delta på arrangementet i Grendi i dag. Sjølv om dei ti forfattarane ikkje har skrive like mykje, hadde det blitt ei flott utstilling om dei stilte ut alle bøkene sine. I arbeidet med artiklane fann eg ut at Ragnar Hovland har skrive nesten eit halvt hundre bøker gjennom mange år som forfattar, Terje Dragseth har minst 15 bøker bak seg og Hans Herbjørnsrud har eit titalls diktsamlingar på norsk, men mange er omsette til andre språk i tillegg.

Jo meir eg arbeidde med prosjektet, jo meir imponert vart eg over at Gunstein Bakke og Hind Helene Røynesdal har klart å samle så mange og så kjende deltakarar til arrangementet. Medan arrangementet i 2013 hadde deltakarar med lokal tilknytning der Paal-Helge Haugen var det store namnet, har dei denne gongen fått med seg folk som Ragnar Hovland frå Bergen og Hans Herbjørnsrud frå Notodden, Steinar Opstad frå Vestfold og Ingrid Storhol frå Trøndelag. Og musikken er frå Hedmark.

Medan arrangementet for to år sidan sprengde matsalen på Landeskogen, den har plass til 150 og det kom 200, lurer eg på om oppslutninga blir like stor i år. No må dei konkurrere med Tall Ships Races i Kristiansand og Canal Street i Arendal. Men det skulle vel vere nok folk til å fylle dei tradisjonsrike lokala. Eg vonar satsinga kan lukkast og ønskjer arrangørane lukke til.

 

 

Slekters gang på Setesdalswiki

Share

Programvaren som styrer Setesdalswiki har mange funksjonar, langt fleire enn eg nokon gong kjem til å lære meg. Men heldigvis har eg son min Helge til å drive programvaren, han oppdaterer når det trengst og har langt større kompetanse på Mediawiki, som programmet heiter, enn eg nokon gong kan drøyme om å få.

For ei tid tilbake la han inn anetavle-malen på nokre av artiklane vi har på Setesdalswiki. Øystein Berg, Tarald Myrum, Kjellaug Rysstad, Knut F. Uppstad og Hugo Homme fekk slike ættelister basert på det han hadde funne i bygdebøkene for Valle.

Då han kom heim på sommarferie no, lurte han på om eg hadde gått vidare med det arbeidet, men det hadde eg ikkje, eg opplevde læringskurva noko brattare enn godt var. Men i dag kom eg til å tenkje på at vi jo kunne sjå litt på nokre slike lange linjer, og så tok eg vår mest kjende kjendis Tor Espen Helle og la inn anetavle på han. Den skulle eigentleg gå heilt tilbake til eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten, men så langt gjekk ikkje programvaren, den klarte bare seks generasjonar. Difor måtte også hans gofa Gunnar få anetavle, då heldt det å kome tilbake til eidsvollsmannen.

Eg visste at Pål Dale også hadde ei linje dit, så eg fann den også og la den inn i artikkelen om han. Sjølvsagt skulle eg ha skrive artiklar om folka i dei linjene, men det får vente litt, no har eg i alle fall skjøna litt meir av korleis ein kan nytte programvaren til å syne slektslinjer på Setesdalswiki.

Dessverre har eg ikkje alle data når det gjeld fødsel og død for nokre av personane, så difor er ikkje oversiktene så gode som dei burde vore. Men vegen blir til mens ein går, så vi får håpe at slikt kjem på plass etter kvart.

Kaste bøker

Share

Når ein frå jobb kan gå innom på biblioteket mest kvar dag, vil ein over tid merke at bøker vert kasta. Når ein har ei dotter som er bibliotekar, skjønar ein at det er naudsynt, tusen bøker inn betyr tusen bøker ut om ikkje biblioteket eller magasinet skal bli overfylt. I vår tid, der biblioteket kan skaffe boka du treng frå eit anna bibliotek, kan ein slik politikk lettare realiserast enn ein kunne før.

Men det er å forstå det prinsippielt, noko anna er å gjere det heime. Eg snakka med ein slektning i dag, ho vart nokså forstøkt då eg fortalde at alle barna er heime på sommarferie, og at i dag, som var ein grå dag, var dagen dei bestemte seg for å hjelpe meg å kaste bøker.

Men smått om senn har prinsippet blitt realisert her i huset også. Eg har gått med på å kaste bøker, noko som eg til liks med slektningen min meinte var utenkeleg. Mainstream-romanar går no ut av huset i stor fart, dei kan eg låne på biblioteket. Men noko vert likevel verande, gjerne seriar eller bestemte forfattarar som eg set pris på. Bøker frå studietida mi går vel og ei ublid skjebne i møte, dei har vore med på ferda i nærare femti år, no får dei etter ein kort prosess finne vegen til bokhimmelen sitt evige liv.

Litt av kvart dukkar opp, barna smiler og humrar over det dei finn og oppdagar at far deira hadde allsidige interesser dei knapt visste om, ja, truleg visste han sjølv knapt om dei. Ikkje alt dei finn i bokhylla har han lese, av og til kjøpte eg ein pose bøker og fann bare tid og interesse for å lese eit par av dei bøkene som verka interessante då dei var på salg for ein slikk og ingenting.

Eg er ikkje aleine, eg var på søppelplassen ein tur for å kaste eit par sekker med gamle aviser, og då såg eg både Medisinsk Leksikon, ordbøker og anna faglitteratur i containeren. Det at eg ikkje er aleine, er jo ei lita trøyst i det trøysteslause, og så kan ein jo glede seg over meir plass i hyllene etter ryddesjauen.

Hela kyrkan sjunger

Share

Svensk TV2 har kvar sundag gudsteneste klokka 10.05. I dag var det utsett til klokka 10.30 på grunn av direkte overføring av noko politisk, men det halvtimes programmet frå eit skjærgårdskapell på Smögen er ei opning på ein sundag.

No i sommartida har dei sendt ein halvtime med Hela kyrkan sjunger, det er reprise frå ein programserie frå Pingstkyrkan i Umeå med Margit Borgstrøm som dirigent og programleiar. https://sv.wikipedia.org/wiki/Margit_Borgstr%C3%B6m

Det har vore fint å sjå desse to programma, særleg fordi sangen slår an tonar som har hatt plass i hugen gjennom mange år, men og fordi det alltid er ei glede å høyre svensk evangelisk sang. Dei har ei åre når det gjeld sang som gleder mange. I dag song dei Helig, helig, helig, den stod i den svenske salmeboka på nummer fire, men dei song og gospel, evangeliske songar og folketonar.

Programserien Hela kyrkan sjunger gjekk i 10 år på svensk TV og «Serien var oerhört populär.» heiter det i svensk Wikipedias artikkel om programleiaren.

Å sjå serien som gjekk frå 1972 til 1983 og sidan gjekk i reprise, er også eit gjensyn med klær og mote på den tida. Vi la spesielt merke til dei store brillene og at folk brukte mykje meir slips enn no. Men mest av alt gledde vi oss over sangen, over arrangementa og over sanggleda som kom frå deltakarane. Eg trur eg må finne nokre av songane frå serien og dele med lyttarar i Valle radio til hausten. Mange av programma ligg på Sveriges Radio sin nettspelar, men den kan ein ikkje bruke når ein er utanfor Sverige. Men Spotify har ei plateinnspeling frå serien som ein jo kan bruke.

Tour de France 2015

Share

Så starta det vi har gått og venta på, vi som er imponerte over syklistane frå Norge som hevdar seg i verdseliten. Vi gledde oss over korleis Alex boltra seg i vårsesongen og vart den mestvinnande i verda og over at Edvald etter kvart såg ut til å kome i form att. Og no er dei der.

For meg var det eit lite antiklimaks at det starta med temporitt, det er meir underhaldning å sjå fellesstart. I tempo er heller ikkje dei norske så gode, så eg lurte på kven av dei utanlandske som skulle vinne. Det gjorde TV2-folka og, men så langt eg fekk med meg, hadde dei ikkje vinnaren på blokka si før det heile starta, så vi kan vel seie at det starta med ein skrell. Den sympatiske australiaren Rohan Dennis tok sigeren. https://no.wikipedia.org/wiki/Rohan_Dennis

Dennis er på laget BMC, og før det heile starta, snakka journalistane med ein annan på det laget, Greg Van Avermaet frå Nederland, der det heile starta i dag. Han ventar barn i løpet av Touren, men ville prøve å kjempe for laget så lenge han kunne, om laget fekk ein siger, kunne dei senke skuldrene, og då kunne han eventuelt dra heim og vere med kona. Med siger på 1. etappe kan ein vel seie at han fekk ønsket oppfylt. Men han stiller nok opp i morgon og, kona meinte han var umogleg å vere i hus med i denne ventetida, så han kunne like godt dra ut og sykle.

Elles snakka den norske journalisten med ein syklist som gjerne ville ha seg ein kjærast, gjerne frå Norge, han tenkte han skulle lære seg eit norsk ord kvar dag. Det første ordet vart velkommen, det var nå ikkje så vanskeleg. Velkommen til sommarens galskap på to hjul, kan vi då seie. Eg likte å sjå sykkel før Tour des Fjords starta i Valle for eit par år sidan, no er eg ein av ein halv million som får med seg glimt frå sommarens sportslege høgdepunkt i Frankrike. Men eg kjem neppe til å reise dit, så det har ikkje teke heilt av enno.

Bjørn Eidsvåg i Spektrum

Share

På NRK1 var det i kveld halvannan time frå ein konsert Bjørn Eidsvåg gjorde med KORK i Oslo Spektrum. Det vart ein fin gjennomgang av eit omfattande repertoar med ein flink artist.

Medan Margunn, dotter mi, har vore på på mange konsertar med den folkekjære artisten, har eg sjølv kanskje bare fått eit par. Ein av dei var i Valle etter det eg minnest, gjennom eit langt liv har han spelt på dei fleste plassar i landet.

På konserten fortalde han at han hadde vore på Sortland i Vesterålen og der hadde han møtt folk som hadde vakse opp med ein av songane han laga melodi til: Ein fin liten blome. Så kom Violet Road på scenen og gav til beste ei framføring av sangen som like gjerne kunne vore gjort av Misjonssambandets 5 staute. Han var visst bare 14 år då han laga den melodien, tidlegare song vi den teksten til melodien på Jeg skulle ei sørge, då måtte vi slå saman to vers. Men etter at Bjørn Eidsvåg sin melodi vart kjent, er det den som vert brukt.
Du kan lese meir om Violet Road her: https://no.wikipedia.org/wiki/Violet_Road

I konserten kom sangar som Bjørn Eidsvåg er kjent for på rekke og rad, eg nemner etter minnet Kyrie, Eg ser, Mysteriet deg. Det slo meg at han fekk seie ganske mykje om viktige ting i livet i beste sendetid på TV.

Han presenterte også mor si, ho var 80 år i fjor, og eg trur at mange av oss kjende oss att i måten å omtale ein kjær person på: Litt ertande, litt avslørande: Slik er ho, sjølv om eg er blitt godt vaksen og står på eigne bein, så er ho Mor med stor M og har eit alvorsord til son sin.

Sørlandsparken

Share

Det er ikkje ofte eg tek turen til Sørlandsparken. Det hender at eg susar forbi på E-18 på veg austover, men handlenoia har gått over for min del, så det eg ikkje får på Joker i Valle og Coop Valle eller ein bensinstasjon, det kan eg truleg unnvere, har eg tenkt.

Men i dag hadde eg fått ei innkalling til å møte hos Ortopediservice i Sørlandsparken. Ortopediservice flyttet i november 2010 inn i nye flotte lokaler i Skibåsen i Sørlandsparken. Hos oss er alle ortopediingeniører autoriserte med bred fagkunnskap og oppdatert ekspertise. Vi analyserer og tilpasser alle typer ortopediske hjelpemidler, og setter kundens ønsker og behov om funksjon, komfort og estetikk i fokus, heiter det på heimesida deira.

Heile livet mitt har eg hatt problem med å finne sko. Eg har enda opp med å handle i butikken Store Sko i Oslo. Av og til har eg vore innom i andre butikkar, bare for å gå skuffa ut att, dei har ikkje sko for ein som lever på så stor fot som eg gjer. Då eg var ung, låg det på 47-48, no treng eg minst den storleiken.

Eg vart jo overraska då eg kom til det som eg trudde var ein spesialbutikk for sko og kom inn på eit stort venterom der det sat to resepsjonistar og ganske mange som alt venta. Snart vart eg ropt opp og teken med gjennom ein lang gang til eit rom der ærendet mitt skulle fullførast hos ein vennleg dansk spesialist. Vel heime måtte eg slå opp på internett. Der fann eg nærare 50 medarbeidarar som jobbar for å skaffe godt fottøy til egder som treng spesialsko av ulike typar. Sikkert nok ein spesialbutikk, men også mykje meir.

Dermed lærte eg noko nytt denne dagen også. Ortopediingeniørar er folk som er spesialutdanna til å skaffe fottøy til folk. Føtene mine vart målte og avteikna etter alle kunstens reglar, noko eg ikkje visste det minste om før i dag, til tross for eit langt liv på store føter. Når det går mot vinter att, seks til åtte veker frå no, vil eg vonleg ha fått sko som vil gje meg ein betra dag på store føter.