Fortidens verdier

Share

I eit innlegg i Fædrelandsvennen i dag skriv Lars Dahle, viserektor og førsteamanuensis NLA Mediehøgskolen Gimlekollen ein kommentar til diskusjonen som i sommar har gått rundt verdidokumentet til NLA Mediehøgskolen. Han siterer C.S. Lewis sitt uttrykk kronologisk snobberi, eit uttrykk Lewis brukte då han karakteriserte holdningen at fortidens verdier og holdninger per definisjon er mindreverdige og underordnet nåtidens.

Vi er mange som set pris på klassiske verdiar. Den som høyrer på programma mine i Valle Radio, vil fort finne ut at eg ikkje er så veldig glad i moderne musikk, men heller slår eit slag for klassisk musikk, til dømes på orgel, men også i kristen sang og musikk. Difor var det ei stor oppleving å sjå Salmeboka minutt for minutt første adventshelga i 2014. Eg prøver og å få med meg Salmer til alle tider på sundagskveldane, det høver ofte slik at eg er i bilen på veg til Valle når dei er på lufta. Repeterande lovsang er ikkje like populært i mine øyro.

Mange er vi nok som synest at utviklinga går lovleg fort og at det er vanskeleg å henge med i svingane. Likevel får prøver vi å respektere og å tolerere det nye, kanskje til og med utan å seie så mykje til eller frå. Vi treng ikkje kaste ut alle fortidens verdier og utan vidare omfamne det dagsaktuelle. At det også må vere slik for ein privatskule, synest eg er heilt rett.