Landeskogen og Burma

Share

Eg skreiv i går at eg ville skrive meir om besøket på Landeskogen. Då får eg gjere det. Det var ei glede å bli kjent med Kristian Røssaak, det kjem nok artikkel om han på Setesdalswiki etter kvart. Saman med Helga Artzen fortalde han om utstillingane som no er på Landeskogen, slik eg skreiv om i går. Så kom dei til å nemne at den som no teiknar portrett av fredsprisvinnarane til å henge som ei frise i gangen er ein flyktning frå Burma.

Då vart jo eg interessert, eg fortalde om Burmesisk halvtime i Valle Radio og meinte at det var ein sak vi burde ha med i det programmet. Det er jo eit program på burmesisk språk med nyheter frå Setesdal, nyheter frå heimlandet får dei frå anna hald.

Kristian fortalde då at han hadde vore i Nord-Thailand og drive skule for burmesiske flyktningar. Det var eit prosjekt som Agder Folkehøgskole dreiv. Dette var tilbake i til før 2007, då han var lærar på denne skulen i Søgne, og dei dreiv eit utviklingsprosjekt der elevane på ei linje vart utveksla med burmesiske elevar. Dermed fekk eg endå ei sak som bør vere interessant å nemne i den burmesisk halvtimen når vi startar att til hausten.

I tillegg gjekk praten om laust og fast og Kristian fortalde om besøket dei hadde hatt på Landeskogen frå Myanmar i sommar. Det kunne du jo lese om i forkorta versjon i Setesdølen i går, men eg legg ut pressemeldinga han laga om denne hendinga i ein separat bloggpost.

Ikkje bare fekk vi altså mat for kropp og sjel under dette besøket, det tok også til å krible litt etter å kome i gang att med Valle Radio.  No nærmar det seg jo med raske skritt, 1. september er ein tysdag, og kjenner eg Niklos rett, har han nok eit program klart til den kvelden.

Fra venstre: «Dr Kem Thang, Helga Arntzen og U Bung Kone
Fra venstre: «Dr Kem Thang, Helga Arntzen og U Bung Kone.  (Foto: Kristian Røssaak)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *