Landeskogen

Share

Landeskogen_2011

I går tok vi ein tur til Valle. Eg hadde lyst til å sjå leiligheten før eg neste helg skal starte att etter ferien.

-Skal vi svinge oppom Elgtun, spurte eg

-Vi ser visst nok av elgar heime, svara Reidun, -men eg har aldri vore på Landeskogen.

Så svinga vi til høgre ved Årdal kyrkje i Grendi og fann vegen bak kyrkjegarden oppover bakken til Landeskogen. På trea i bakken var det elgsymbol, dei er flinke til å marknadsføre seg på Elgtun. Men vi stoppa utanfor Landeskogens store bygning og gjekk inn for å sjå på utstillingane.  Eg siterer frå Setesdalswikis artikkel:

I det store bygget er det satt opp flere utstillinger:

  • Utstillingen om Landeskogens historie forteller både om sanatoriet og om perioden som hjem for utviklingshemma. *Utstillingen Fuglene rundt Landeskogen er laget i samarbeid med Setesdal ornitologiske forening.
  • Utstillingen Den kalde krigen har både en Trabant og en WV samt en rekke plakater som forteller om utviklingen fram til jernteppets fall og foreningen av Øst- og Vest-Tyskland
  • Utstillingen av Portrett-tegninger av vinnerne av Nobels fredspris.
  • Utstillingen Kvinner i Ravensbruck lister opp navn på kvinner i denne konsentrasjonsleiren.

I kafeen var det middag til 100 kroner, og då slo vi til på Himalayisk kyllinggryte. Den var velsmakande og kan anbefalast for alle.

Medan vi venta på maten, fekk vi ein prat med Helga Arntzen. Ho er sterkt oppteken av å utvikle Landeskogen vidare og tenkte då ho overtok bygningen med 100 rom at ho ville lage 100 utstillingar relatert til fred, miljø og klima. No hadde ho engasjert Kristian Røssaak i tre månader for å få idear og utvikling. Han er til vanleg tilsett i FN-sambandet, og fred, klima og miljø er viktige tema for organisasjonen, så Helga gledde seg over det som alt var kome ut av denne satsinga.

-Nokre av dei som besøker Elgtun, svingar også innom oss, fortalde ho. -Så det samarbeidet er til glede for oss. Vi har hatt eit visst besøk i sommar, folk kjem innom og ser på utstillingane. Men vi skulle ønske at fleire kom.

Å går rundt og sjå i bygget og på utstillingane, gjev tankar og perspektiv. Senteret er ope i heile august, så i tillegg til rimeleg mat kan ein få noko for tankane og.

I morgon skal eg fortelje meir frå besøket.

Landeskogen Peace Center på Setesdalswiki

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *