Livet sett frå Roma

Share

Kjell_Arild_Pollestad

 

I kveld var det filosofikafe på Bergtun i regi av Folkeakademiet og Valle bygdekvinnelag. Forfattaren Kjell Arild Pollestad tok oss med i eit kåseri han kalla Livet sett frå Roma, og denne kvelden fann svært mange folk vegen til Bergtun. Då foredraget starta eit kvarter før annonsert tid, var det stappfullt i dei to stovene og langt ut i inngangspartiet.

Pollestad hadde gått saman med dotter til presten Jens Bjelland på Bryne landsgymnas, så han hadde god kjennskap til dialekten i bygda, ho nytta den framleis i jobben i Oslo utan språkproblem. Han hadde og hatt med Gunhild Espetveit på tur til Roma.

Denne kvelden fortalde han om to personar som hadde betydd mykje for han. Begge hadde fått sin inspirasjon til det livet dei levde frå Roma, for Roma er symbolet på vår vestlege kristne kultur, den som er smelta saman av grekarane sitt syn på livet, Kjenn deg sjølv og jødane sitt. Aten og Jerusalem gjekk saman i Roma, sa han. Og det som no Europa betalar tilbake til Hellas er småpengar i høve til den kulturelle arven vi har fått frå det landet.

Så tok han oss med på ei reise mellom Paradis og helvete, det er her vi lever, og det er her vi kan gjere det vonde om til noko godt. I det helvete på jord som vart kalla Auschwiztz lukkast ein person å røme i 1941. Som straff skulle 10 personar bli drept, då overtok presten Maximilian Kolbe plassen til ein ung mann som hadde kone og nyfødd barn utanfor leiren. I 1982 vart Kolbe helgenkåra, kanonisert, som det heiter, noko som betyr at livet hans kan tene som eksempel for dei truande.

Den andre som han fortalde om ville ha vore 100 år i år. Han vart fødd på Bømlo i 1915, men levde det meste av livet sitt i Oslo, der han var bud i ein bank og elles levde livet i Frelsesarmeen. Han vart aldri gift, men då han var 40 år ville han halde selskap og inviterte vennene sine. Ingen kom. Då tenkte han at han fekk heller gå ut, og så besøkte han i fritida enslige som trong hjelp. Då han vart pensjonist, brukte han all si tid på dette. Som bud i banken sparte han noko av løna på skattefri banksparing, og då han kunne ta ut pengane etter mange år, brukte han dei til å halde fest for gamle på Stord, der mor hans hadde vore jordmor, han tenkte at han ville halde fest for dei ho hadde teke imot.

I ei levande fortelling som veksla mellom humor og alvor skildra Pollestad korleis denne venen hans let seg inspirere til kjærleik og gode gjerningar. Då han døydde, var det Pollestad som forretta gravferda der det var heilt fullt av folk som ville takke han for, det var noko anna enn 40-årsdagen.

Sett frå Roma – inspirert av evangeliet til å leve for kvarandre, slik tolka eg bodskapen i foredraget. Til ettertanke ein augustkveld. Pollestad hausta sterk applaus for foredraget, men det vart ikkje nokon filosofisk diskusjon etterpå, folk gjekk kvar til sitt. Men alle hadde fått noko å filosofere over.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *