Små biografiar

Share

I sommar har det blitt nokre små biografiar på Setesdalswiki. Eg har skrive om dei som deltok på Landeskogen Litteraturfestival, mange av dei som var med på Nordisk Strikkesymposium 2015 og om folk i Lund-slekta frå Valle.

Nesten kvar artikkel som eg skriv, får røde lenker, det vil seie lenker som det ikkje er artikkel om. For å skrive ein artikkel gjev ofte utfordringar om å skrive om folk som er omtalte. Så det ser ikkje ut til at eg går tom for tema å skrive om med det første.

Men det er jo ofte eit problem å finne kjelder som ein kan bruke. Av og til finn ein bare nok til ei linje, og då lurer eg på om eg skal skrive i det heile tatt. Av og til gjer eg det og vonar å finne meir stoff etter kvart. Andre gonger gjer eg det ikkje.

I dag vart det artiklar om dei to yngste døtrene til lensmann Ole Lund. Boka som eg fekk av Sverre Lund i 2000 har vore ei god kjelde til informasjon, sjølv om ho bare har små biografiar om nokre få, av og til bare ei linje. Dei to yngste døtrene, Marie og Petra Marie var kanskje ikkje så synlege som søstrene sine, fotografen Anna og hotellgründaren Thina. Eg klarte ikkje å finne noko bilete på nettet. Men dei bygde sine liv lokalt og var til glede for menneska dei kom i kontakt med.

Du finn lenke til alle i artikkelen om Ole Lund. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ole_Lund

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *