Tusen takk!

Share

Gratulerer med dagen

Å ha bursdag i Facebook sin tidsalder er noko overdådig når det gjeld bursdagshelsingar. Medan ein før kunne rekne med å bli gratulert av ein handfull menneske, for det meste nær familie og kanskje kollegaer, formidlar Facebook helsingar frå vener og kjente frå fjern og nær.

Ettersom eg har vore på kurs i dag, var det ikkje mogleg å starte med å kommentere og å seie takk til alle som sende gratulasjonar. Så eg får heller seie det her: Tusen takk.

Sigmund spurde kva eg ønska meg til bursdagen min. Sant å seie kom eg ikkje på noko, for eg unna meg sjølv eit nettbrett i sommar, det tenkte eg kunne vere ein nyttig ting å ha. Og det har det vore, eg har alt hatt mykje glede av det, og vil sikkert få endå meir glede av det etter kvart som eg lærer å bruke det betre.

Men eg sa til han at eg kunne ønske at han klikka på innlegga eg legg ut på Setesdalswiki si facebokkside av og til, det spreier seg som ringar i vatn når folk klikkar på eller liker innlegg der.

I den samanheng oppdaga eg noko interessant i dag. Eg kom til å gå inn på nettstaden regjeringen.no  Heilt nederst på den sida er det lenke til besøksstatistikk, og då synte det seg at setesdalswiki har langt høgare besøkstal enn den nettstaden. Medan regjeringen.no har 12781 besøk og 65602 sidevisningar til no i år, har Setesdalswiki over 98000  besøk og over 913000 sidevisningar. Då måtte eg jo smile litt og seie tusen takk endå ein gong.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *