DNT Sør i Valle

Share

I Aktuell halvtime i går hadde eg med Sondre Rua Dokken. Han er prosjektmedarbeidar i DNT Sør og har kontor på kommunehuset i Valle. Der arbeider han for å få folk til å bruke turisthyttene i Setesdal meir. Særleg vekt legg han på å få brukt Bjørnevasshytta, som er einaste hytta som DNT Sør har på Valle Austhei. Den er og den eldste hytta, sett opp på 1880-talet. Då var det ingen veg der, no er det den hytta ein lettast kan kome til, bare 50 meter frå vegen mellom Setesdal og Skafså.

Newton Camp er eit arrangement som skal foregå i haustferien. Då kjem 20 deltakarar til hytta måndag. Første dagen har dei arrangement for å bli kjent, andre dagen er forskningsdagen, lagt opp av studentar frå UiA og tredje dagen er det avslutning. Dette arrangementet har dei hatt i fleire år, og det har vore fullt år om anna. Målgruppa er elevar i ungdomsskulen.

Sondre fortalde litt om seg sjølv, han er frå Kongsberg og har studert på Høgskulen i Bø og opplevde det som ein jobb der han kunne få arbeide med noko han likar, å vere ute i naturen. I vinter gjekk han på ski frå Berg i Valle via hyttene til DNT Sør og kom ned på Langeid, ein strålande tur.

Internett-plunder

Share

Kveldens sending vart ikkje heilt som planlagt, sjølv om programmet gjekk etter planen. For vi tenkjer jo at sendingane skal gå ut over internett, men den datamaskinen som vert nytta til det, var ikkje samarbeidsvillig i kveld.

Eg fekk hjelp av Jørund Georg Jore på telefonen først, men etter ei lita stund fall internett ut, heilt i starten av sendinga. Han kom ned i radioen for å sjå om han kunne fikse det medan sendinga gjekk, men etter ei stund måtte han gje opp, og dermed vart kveldens sending bare å høyre for dei som høyrde på FM. Men vi fekk kople oss opp til Bykle og Evje, så vonleg gjekk sendinga til heile dalen som vanleg.

I morgon er det kommunestyremøte både i Bykle og Valle klokka 18. Då er det Valle som har forkjørsrett, etter det Jørund sa, for vi har alltid sendingane våre onsdagane. Så om du vil høyre frå kommunestyremøtet i Bykle, må du på Internett, den sendinga vert bare streama, etter det han sa.

Men elles er det mykje anna ein kan få med seg i morgon. I Soknehuset på Rysstad har diakoniuvalet og helselaget møte der Per Emanuelsen presenterer den siste boka si. I Bykle er det Olav Holen som presenterer to bøker han har laga i år, der kan ein også kjøpe thaimat før programmet tek til, og musikalsk underhaldning blir det av Tor Hoslemo, medan Sigrid K. Jore skal vere med på Rysstad. Ingen av desse programma kan du høyre på Internett, du må ta turen ut av godstolen og oppsøke arrangementet.

Program for veke 39, 2015

Share

Denne veka er møteplassen tilbake i Valle Radio. Det er eit program frå Norea  der vi møter ein person som er aktiv i kristeleg arbeid på eit eller anna vis. Ingvild Hovda har bakgrunn som misjonærbarn i Etiopia og sidan frå Kvitsund, der far hennar, Hadle Hovda, var lærar og rektor. No arbeider ho blant innvandrarar i Stavanger etter mange år i Storbritannia.

Tysdag 22. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Odd Åge Ågedal
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Ny organist i Valle. Henrik West i studio
19.30 Sangkveld
20.00 Møteplassen. Ingvild Hovda
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 23. september 
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Aktivitetsvenn

Share

Aktivitetsvenn er eit prosjekt i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen, det som vi ofte kallar Helselaget. Sist tysdag var Stine Kocian i Valle Radio og fortalde om prosjektet. Ho hadde først hatt eit offentleg møte i kommunestyresalen der fem personar fekk informasjon, og så kom ho i radioen, då var vi fleire som fekk vite noko om dette.

Det heile starta etter at vi hadde hatt TV-aksjon til inntekt for helselaga for eit par år sidan. Då fekk dei inn 230 millionar, og noko av dette vart brukt for å opprette 11 stillingar som skulle jobbe for å få i gang prosjekt med aktivitetsvenner i alle kommunane. Ein aktivitetsvenn er ein person som hjelper folk med demens til aktivitet. Då gleder dei pasienten, seg sjølv og familien til pasienten. Aktiviteten kan vere å gå ein liten tur, ha ein samtale eller kva som måtte høve for dei to.

Etter å ha hatt informasjon i Valle, skal ho seinare til Bykle og Evje og Bygland. Prosjektet er i samarbeid med Frivilligsentralen, og det er tilbod om kurs før ein startar opp. Stine, som bur i Homborsund, fortalde ivrig om prosjektet og gledde seg over dei som hadde vore på møtet i Valle og vona at både dei og fleire andre ville bli med på kurset som skal vere i Valle 27. og 28. oktober. Demenskontakten i kommunen er kontaktperson, men på ståande fot kunne ho ikkje seie kven det var, noko som er heilt naturleg, for etter at sjukepleiar Aina reiste frå Valle, er det kanskje ikkje kome nokon ny frå Valle i Demensteamet. Så då kan ein kontakte Bjørn Harald Hagen, som er leiar, eller Unn Merethe Nordby på Valle Bygdeheim.

Her kan du lese meir om dette: Aktivitetsvenn – Dobbel glede

Ny biblioteksjef i Valle

Share

Kjersti Torbjrnsen

Tysdagskvelden var den nye biblioteksjefen i Valle, Kjersti Torbjørnsen med i Valle Radio. Ho fortalde at ho hadde vore biblioteksjef i Aukra i to år før ho kom til Valle 10. september. Oppvaksen i Stavanger og med arbeidserfaring frå Sola kommune, der ho først var ungdomsarbeidar i mange år og etter kvart fekk seg jobb på biblioteket. Ho hadde teke mange kurs i formidling av litteratur, og mellom anna hadde ho reist rundt som formidlar av bøkene frå Kulturfondet til bibliotekarar og som formidlar for foreningen Les! av bøker for vanlege lånarar.

Bøker er ferskvare, sa ho i ein samtale eg hadde med henne før ho kom i radioen. I radioen snakka vi om problemet det er når det årleg kjem inn tusen nye bøker. Då må tusen bøker ut, for ein har jo ikkje fysisk plass til bare å fylle på år etter år. Det er ein vanskeleg jobb å kassere bøker, men det må gjerast, og ho hadde kassert mange tusen bøker i sitt arbeid på bibliotek. Ho såg for seg at det måtte ho og gjere i Valle, så no er det nok ekstra høve til å finne brukte bøker på biblioteket framover.

I Aukra hadde ho samarbeidd med flykningekonsulenten og Frivilligsentralen om språkkafe for innvandrarar, det vona ho å få til også i Valle. For biblioteket er ikkje lenger eit magasin for bøker, men den møteplassen med lågast terskel i ein kommune. Vi må hugse på at alt er gratis. I ein kommune har dei ikkje bare utlån av bøker på biblioteket, men også utlån av folk, lån ein person til å snakke norsk med ein time. Kanskje kunne ein få til noko slikt i Valle også. Andre bibliotek låner også ut utstyr til sport og friluftsliv, kanskje kunne det også vere noko for Valle.

Praten gjekk lett, og det blir nok ikkje siste gong Kjersti Torbjørnsen er med i Valle Radio.

Eventyrbygda Bygland

Share

TheodorKittelsen-KvitebjørnKongValemon(1912)Tysdagskvelden hadde eg Magnhild Rygg på telefonen i Valle Radio. Ho fortalde om ein artikkel som stod i Setesdølen sist fredag og handla om bakgrunnen for at det no er kome eventyrmåleri på veggene på biblioteket på Bygland. Olaug Åsen har måla eventyret Kvitebjørn Kong Valemon, eit eventyr som folkeminnesamlarane fekk i Bygland. Seinare skal Mona Ida levere eit måleri basert på Skjoldmøyane. (Biletet over er det Teodor Kittelsen som har laga.)

Magnhild fortalde at av over 300 oppskrifter frå Agder var 137 frå Bygland. Ho fortalde og levande om forteljarane. Garden Neset var eit sentrum for eventyrforteljing, det same var Lidi lenger nord i kommunen.

Eg fekk legge ut artikkelen på Setesdalswiki, du finn han på lenka her: Eventyrbygda Bygland

 

Improvisasjonskveld

Share

Det er ikkje alltid like lett å sy saman ein kveld i Valle Radio. Det opplevde eg i kveld, men takka vere teknikar Liv Gunn Viki trur eg ikkje lyttarane merka noko særleg.

Det starta med at Torleif Harstad, som skulle ha andakten, ikkje dukka opp klokka 19. Då vi ringte til han, var han i Froland, og hadde gløymt at han skulle vere i radioen i kveld. Vi ordna det med å finne fram ei cd-plate med Over ein open Bibel der Rune Stormark heldt andakten, og då Torleif ofte brukar musikk av Marit og Irene, fullførte vi andakten med litt av deira musikk.

Rådmann Eivind Berg var sett opp til å ha kommunen informerer i kveld, og han kom i god tid, så vi fekk avtalt litt om kva vi skulle snakke om. Det var kommunereforma, der rådmennene i Bykle, Valle og Bygland no greier ut alternativet Setesdal. Målet er å ha noko klart til årsskiftet. Vidare snakka vi om kommuneplanen, no er høyringsfristen over og det er tid for å samanfatte dei høyringane som er komne inn og lage sak til kommunestyret i november. Det bir det nye kommunestyret.

Valle Radio oppsummering valet 2015

Her ser du meg til venstre og deretter Steinar Kyrvestad, Nina Susanne Johnsen, Hans Olav Omnes og Tarald Myrum. Ørnuf Hasla tok biletet.

Vi hadde avtalt å snakke med toppkandidatane på listene i timen frå 20-21. Det fall seg litt vanskeleg for alle å møte, men dei rakk det. Men dei hadde lite nytt å kome med, så då måtte vi improvisere i den samtalen. Men politikarane var flinke til å improvisere. Då klokka var 20.45, overtok Ørnulf Hasla medan dei gjekk til nye møte. (Då eg gjekk heim klokka 23, kom nokre av dei ut frå kommunehuset for å dra heim.) Dermed klarte vi å fylle timen som var avsett til dette, sjølv om vi ikkje fekk så mykje nytt stoff å melde til lyttarane. Dei var mange, på Internett hadde vi 60.

Så kom vi til opi sending, der kunne ikkje Kåre vere med i kveld, for bror hans, Olav Kn. Rike, døydde i går. Så då måtte eg vere med på Opi sending med Jorunn Lund Harstad, og vi improviserte så godt vi kunne. Dei fire som kom inn i studio fekk alle premie, men vi slutta klokka 22.  Vinnarar vart Lars Liset, Gyro Kopperud, Torbjørg Harstad og Gudrun Sagneskar. Av alle som ringde inn, trekte vi ut Ingebjørg Vegestog, som fekk krus.

Valle Radio veke 38, 2015

Share
Tysdag 15. september
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Kurt Hjemdal har andakt
18.30 Aktuell time
*Ny biblioteksjef i Valle, Kjersti Torbjørnsen
*Bygland – eventyrbygda. Magnhild Rygg
*Aktivitetsvenn. Stine Kocian i studio
19.30 Sangkveld. Sangar av Matias Orheim
20.30 Postludium. Musikk av Bernhard Lewkovitch
21.00 Kyrkjebakken

 

Onsdag 16. september
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleiv Harstad
19.30 Kommunen informerer
20.00 Aktuell time. Vi oppsummerer valet. Med Steinar Kyrvestad, Hans Olav Omnes, Tarald Myrum og Nina Susanne Johnsen
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Brakvalg i Setesdal

Share

Så er valet over og meldingane kjem inn om resultata. Her er det som Fædrelandsvennens Torgeir Eikeland skreiv om Bykle:

Brakvalg for Ap i Bykle

– Vi endte på nøyaktig 50 prosent, og det må jeg si meg ekstremt godt fornøyd med. Jeg føler vi har bestått eksamen med dette, sier ordfører Jon Rolf Næss (Ap) i Bykle.
Det betyr at Ap går fram 11 prosent fra 39 prosent ved forrige kommunevalg, og at de utvider mandattallet fra fem til seks. Sammen med Sps to mandater (uforandret) har Ap fremdeles flertall blant de 13 mandatene i kommunestyret.
– Hva har du gjort i valgkampen for å klare dette?
– Det vet jeg ikke. Det jeg kan si er at vi har veldig gode medarbeidere og ei veldig god liste, sier Jon Rolf Næss.
Resten av valgresultatet gir to mandater til Høyre, som er to tilbake, Venstre får to som er én fram, mens KrF får én som er én mer enn sist.

I Valle melder Fædrelandsvennen at brakvalget er endå meir rungande:

Brakvalg for Arbeiderpartiet i Valle! Går frem 24,5 prosent fra 2011.

Arbeiderpartiet: 51,8 prosent (frem 24,5 prosentpoeng).
Senterpartiet: 28,4 prosent (tilbake 11,7 prosentpoeng).
Høyre: 10 prosent (tilbake 12 prosentpoeng).
Venstre: 9,8 prosent (frem 4,4 prosentpoeng).

Her kan du lese meir om det.

Bygland er nesten i mål med tellingen. Resultatet er:

Så kjem vi til Bygland. Der er det ikkje fullt så heftige overskrifter, men eg tenkjer nok at Arbeiderpartiet smiler også der og lurer på om dei kan ta makta frå Sp-ordføraren:

Sp: 31,2 prosent (tilbake 5,6 prosentpoeng).
BHB: 26,1 prosent (frem 9,1 prosentpoeng).
BYB: 21,9 prosent (tilbake 4,4 prosentpoeng).
Ap: 20,8 prosent (frem 0,8 prosentpoeng).

I Evje og Hornnes er Bjørn A. Ropstad den store vinnaren:

KrF 39,6% (+5,9 prosentpoeng)
AP 29,8% (+2,7 prosentpoeng)
Høyre 11,1% (-6 prosentpoeng)
Sp 9% (som sist)
FrP 6,8% (+0,7 prosentpoeng)
Venstre 3,6% (+3,6%)

Det betyr at KrF tek to mandat frå Høyre og at Venstre kjem inn med eitt mandat. Dei andre held stillinga frå forrige val.

Også i Iveland er det KrF som er valvinnaren:

 

 

 

Film frå Bykle

Share

Det skal lagast film frå Bykle. Ordførar Jon Rolf Næss opplyste i samtalen eg hadde med han tysdagskvelden at det i oktober skal lagast film frå tida før Svartedauden. Det er bruk for 100 statistar, unge og gamle, små store, kvinner og menn.

-Du kan gå til filmen, Harald, sa Jon Rolf. Han tok sikte på å sjølv vere med i filmen, etter det eg kunne forstå.

-Eg gjer meg nok best på radio, svarte eg.

Grunnen til at innspelinga er lagt til Bykle, er at kommunen har så mange gamle hus. Opplysninga kom i løpet av samtalen mellom oss der eg spurde om korleis han såg på kulturminnebevaring i kommunen. Då fortalde han at Bykle har gjeve tilskot til folk som vil ruste opp gamle bygningar, så etter det han visste, var folk i kommunen rimeleg nøgde med støtta dei fekk frå kommunen for å ta vare på gamle bygningar. Lislestog

No blir altså desse bygningane kulisser for ein film frå tida før Svartedauden, som jo var i 1349, det er jo nesten 700 år sidan.

Eg leita litt rundt på internett for å finne noko om desse planane, men det var ikkje noko å finne. Men truleg er det ikkje siste gong dette vert omtalt i Valle Radio.