Noko hjelpelaus

Share

Kva skal ein gjere når ein sit og skriv på ein artikkel til Wikipedia og datamaskinen plutseleg seier Poff og skjermen vert svart? Det skjedde i går, og det var ikkje mykje å gjere. Dermed blei det ikkje noko innlegg på bloggen i går.

Eg måtte ta ein telefon til Helge og spørje han til råds. Han meinte at det truleg var vifta som var gått, dermed blir maskinen for varm og stansar. Vi prata saman ei stund, han gjekk inn på internett og såg litt etter, og så vart vi samde om at det nok var på tide å få seg ein ny maskin.

Acer extensa 2509

Som tenkt, så gjort, klokka 23.30 bestilte vi ein billeg maskin på komplett.no, og når eg kjem heim neste helg, kan eg hente den.

I dag har eg lånt Reidun sin maskin, men i veka som kjem, vert eg utan maskin på kveldstid. Eg vil nok kjenne meg noko hjelpelaus, men denne veka startar Valle Radio att,så eg får nok å halde på med og må prøve å gjere det beste ut av situasjonen.