Aktivitetsvenn

Share

Aktivitetsvenn er eit prosjekt i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen, det som vi ofte kallar Helselaget. Sist tysdag var Stine Kocian i Valle Radio og fortalde om prosjektet. Ho hadde først hatt eit offentleg møte i kommunestyresalen der fem personar fekk informasjon, og så kom ho i radioen, då var vi fleire som fekk vite noko om dette.

Det heile starta etter at vi hadde hatt TV-aksjon til inntekt for helselaga for eit par år sidan. Då fekk dei inn 230 millionar, og noko av dette vart brukt for å opprette 11 stillingar som skulle jobbe for å få i gang prosjekt med aktivitetsvenner i alle kommunane. Ein aktivitetsvenn er ein person som hjelper folk med demens til aktivitet. Då gleder dei pasienten, seg sjølv og familien til pasienten. Aktiviteten kan vere å gå ein liten tur, ha ein samtale eller kva som måtte høve for dei to.

Etter å ha hatt informasjon i Valle, skal ho seinare til Bykle og Evje og Bygland. Prosjektet er i samarbeid med Frivilligsentralen, og det er tilbod om kurs før ein startar opp. Stine, som bur i Homborsund, fortalde ivrig om prosjektet og gledde seg over dei som hadde vore på møtet i Valle og vona at både dei og fleire andre ville bli med på kurset som skal vere i Valle 27. og 28. oktober. Demenskontakten i kommunen er kontaktperson, men på ståande fot kunne ho ikkje seie kven det var, noko som er heilt naturleg, for etter at sjukepleiar Aina reiste frå Valle, er det kanskje ikkje kome nokon ny frå Valle i Demensteamet. Så då kan ein kontakte Bjørn Harald Hagen, som er leiar, eller Unn Merethe Nordby på Valle Bygdeheim.

Her kan du lese meir om dette: Aktivitetsvenn – Dobbel glede