Årsmøte 2014

Share

Det dreg lenger og lenger ut å få halde årsmøte i Valle Radio. I statuttane står det at årsmøtet skal haldast innan utgangen av april, men i år måtte vi heilt til 1. september 2015 før vi kunne samlast til årsmøte for 2014.

Men i kveld klokka 18 møttest vi på Sølvgarden, og det var godt oppmøte, heile 17 personar fann vegen til årsmøtet. Innkalling og sakliste vart godkjent, Ørnulf Hasla vart vald til møteleiar og Harald Haugland vart referent, det har vore slik nokre år no, og folk synest det er bra, for då kan referatet kome på bloggen. Eg sa som sant var at Valle Radios blogg er lagt ned, men eg skriv på Blogg for Harald, og fekk då tilbakemelding på at dei kunne lese det der, det var greitt.

Årsmeldinga vart godkjent samrøystes med ein kommentar om at dei tekniske problema vi hadde ved oppstart haust 2014 burde nemnast i årsmeldinga. Ein burde også nemne det spesielle nye tiltaket vi hadde i 2014, lokalradio på burmesisk språk, noko som Agderposten hadde funne interessant og som truleg er første gong i Norge.

Også rekneskapen vart godkjent, Inntektene var totalt på vel 351000 kroner, ein god tusenlapp meir enn i 2013. Kostnadene var imidlertid mykje høgare, mellom anna på grunn av at vi måtte få nytt utstyr etter lynnedslag. Dei var på til saman vel 344000 kroner mot vel 284000 kroner i 2013. Dermed vart resultatet  etter finanspostar 13576 mot 71527.  Med ein samla eigenkapital på vel 739000 kroner og nesten 670 av desse i banken, kunne ein likevel seie seg godt nøgd med å ha fullført endå eit år med lokalradio.

Valkomiteen, som var Ronny Stavsholt og Henri Tore Viki kunne ikkje vere til stades, men alle som var på val, hadde sagt seg viljuge til attval, så leiar Ørnulf Hasla, nestleiar Britta Lise Homme og, kasserar Helge Homme vart attvalde. Det same vart Rolf Erik Homme som fast møtande varamann til styret og Hallvard Holum som revisor. Ronny Stavsholt vart attvald til valkomiteen, han finn sjølv ein som kan vere med han der.

Under eventuelt vart det snakka litt om tilhøvet til Valle kommune, som ikkje lenger er hovudsponsor. Styreleiar skal ta saka opp i møte med kommunen i haust.

Etter desse drøftingane gjekk ein gjennom lista over oppgåver i haust, slik at den er klar til sesongstart. Første sending blir tysdag 8. september, deretter blir det valsending onsdag 9. september før dei ordinære sendingane tek til veka etterpå.

Valle Radio årsmøte 2014 middag
Foto: Britta Lise Homme

Årsmøtet vart avslutta med middag saman med tre representantar for Radio Evje, og etter ei god matøkt samlast vi igjen for å snakke om samarbeidet mellom dei to lokalradioane. Til saman dekker vi området frå Bjåen til Øvrebø, og sjølv om det har vore litt usikkert om vi får halde fram på FM, ser det ut til at det blir råd også etter 2017. Radio Evje ønsker også å kunne streame sendingane på Internett, slik vi gjer, og i haust blir det arbeidd for å få det til.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *