Flaumen går

Share

Vi såg store øydeleggingar i Vestfold etter flaumen der i går. I dag kunne eg sjå meir vatn i Otra enn eg nesten trur eg har sett før medan eg har budd i Valle. Den badekulpen som er nedanfor Valle Motell kunne ein ikkje sjå, det stod eit rasteplassbord midt i elva og minna oss om kva som brukar å vere der til vanleg.

Likevel har styrtregnet desse første dagane av september hatt små konsekvensar i Agderfylka. Ein kan i grunnen late seg imponere over kor godt dei regulerte vassdraga har tålt dei store vassmengdene. Då eg køyrde nedover Setesdal i dag, var det likevel mange flotte fossar nedover fjellsidene i øvre del av dalen. Sjølv om Kveasåne i Valle, som til vanleg går i røyr no og difor bare er ein spinkel kopi av det vi såg for nokre år sidan, var ho stor i dag. Men eg køyrde forbi og kom ikkje på å ta bilete. Birkelandsfossen på austsida av elva er brei og stor, heller ikkje den kom eg på å ta bilete av, det er forresten noko vanskelegare, avstanden er stor og vi ser han bare i glimt mellom trea.

Då hadde det jo vore lettare å ta bilete av Reiårsfossen, men det regna godt då eg kom forbi, så eg orka ikkje stoppe der eg fekk vaska bilen i spruten frå fossen. Åraksfjorden gjekk høgt opp mot campingplassen, men det såg ikkje ut til å vere nokon panikk der heller, det verka som om dei var trygge på at fjorden ikkje kom til å gå over maksnivået.

Heller ikkje Syrtveitfossen fekk meg ut av bilen, sjølv om den gjekk svært stor. Det såg ut til å vere folk på Trollmountain som hadde planar om å ta ein tur i fossen i regnet, men det misunna eg dei ikkje i det heile.

Geir Daasvatn tek mange flotte bilete og legg ut på Setesdalwiki. Han hadde teke fram kamera ved Reiårsfossen ein dag den gjekk svært stor, og det deler eg med dykk som les bloggen:

1200px-Reiårsfossen_Ose_Setesdal_030915_(2)

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *