Improvisasjonskveld

Share

Det er ikkje alltid like lett å sy saman ein kveld i Valle Radio. Det opplevde eg i kveld, men takka vere teknikar Liv Gunn Viki trur eg ikkje lyttarane merka noko særleg.

Det starta med at Torleif Harstad, som skulle ha andakten, ikkje dukka opp klokka 19. Då vi ringte til han, var han i Froland, og hadde gløymt at han skulle vere i radioen i kveld. Vi ordna det med å finne fram ei cd-plate med Over ein open Bibel der Rune Stormark heldt andakten, og då Torleif ofte brukar musikk av Marit og Irene, fullførte vi andakten med litt av deira musikk.

Rådmann Eivind Berg var sett opp til å ha kommunen informerer i kveld, og han kom i god tid, så vi fekk avtalt litt om kva vi skulle snakke om. Det var kommunereforma, der rådmennene i Bykle, Valle og Bygland no greier ut alternativet Setesdal. Målet er å ha noko klart til årsskiftet. Vidare snakka vi om kommuneplanen, no er høyringsfristen over og det er tid for å samanfatte dei høyringane som er komne inn og lage sak til kommunestyret i november. Det bir det nye kommunestyret.

Valle Radio oppsummering valet 2015

Her ser du meg til venstre og deretter Steinar Kyrvestad, Nina Susanne Johnsen, Hans Olav Omnes og Tarald Myrum. Ørnuf Hasla tok biletet.

Vi hadde avtalt å snakke med toppkandidatane på listene i timen frå 20-21. Det fall seg litt vanskeleg for alle å møte, men dei rakk det. Men dei hadde lite nytt å kome med, så då måtte vi improvisere i den samtalen. Men politikarane var flinke til å improvisere. Då klokka var 20.45, overtok Ørnulf Hasla medan dei gjekk til nye møte. (Då eg gjekk heim klokka 23, kom nokre av dei ut frå kommunehuset for å dra heim.) Dermed klarte vi å fylle timen som var avsett til dette, sjølv om vi ikkje fekk så mykje nytt stoff å melde til lyttarane. Dei var mange, på Internett hadde vi 60.

Så kom vi til opi sending, der kunne ikkje Kåre vere med i kveld, for bror hans, Olav Kn. Rike, døydde i går. Så då måtte eg vere med på Opi sending med Jorunn Lund Harstad, og vi improviserte så godt vi kunne. Dei fire som kom inn i studio fekk alle premie, men vi slutta klokka 22.  Vinnarar vart Lars Liset, Gyro Kopperud, Torbjørg Harstad og Gudrun Sagneskar. Av alle som ringde inn, trekte vi ut Ingebjørg Vegestog, som fekk krus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *