Lykksalig

Share

Lykksalig, lykksalig, hver sjel som har fred

Ti ingen kjenner dagen før solen går ned.

Kveldens sending skulle starta med denne sangen, men den låg ikkje på Spotify, så det gjekk i vasken. Men bortsett frå det gjekk sendinga greitt. Eg skal skrive litt meir om det i morgon.

I denne første sendinga i haust var det naturleg å nytte referatet frå årsmøtet som kveldens kåseri. Deretter kom Over ein open Bibel, som var ved Øyvind Åsland. Han er frå Evje og er generalsekretær i Misjonssambandet.

I den aktuelle timen tenkte eg at det kunne vere naturleg å ta ein oppsummerande samtale med dei tre ordførarane i dei andre Setesdalskommunane,  ettersom val i Valle er tema i onsdagssendinga denne veka. Alle tre var villige, så eg starta i sør og fekk høyre Bjørn Ropstad fortelje om saka mot Statnett, der dei kommunen saman med Hjelmeland og Hol hadde vunne rettssak om taksering av kraftlinjer. Sjølv om det ikkje var så stor sum for Evje og Hornnes, var det viktige prinsipp og kommunane vann framm med sitt syn. Elles fortalde Ropstad om arbeidet med å lage miljøgate i Evje sentrum, det skal vere ferdig i november. Han meinte det kom til å bli bra, og hadde inntrykk av at dei fleste såg fram til å få ferdig denne oppgraderinga av Evje sentrum. Næringsutvikling var viktigste saka for han med tanke på neste periode, det var det også for Leiv Rygg i Bygland, som var oppteken av å realisere ei utvikling på Prestneset. Her skulle det kome både næring og bustader. Det er altfor mange bustader utan lys om vinteren, folk burde heller selje småbruka så det kunne bli folk i husa året rundt, ikkje bare i feriar, meinte han. Til slutt prata eg med Jon Rolf Næss. Det vil eg kome tilbake til.

I sangkvelden brukte eg første halvtimen plata Vær hilset med tekstar av Petter Dass til folketonar og melodiar av Ola Bremnes. Bodø domkor og Bremnes song. Siste del av sangkvelden brukte eg til nokre songar frå den svenske TV-serien Hela kyrkan sjunger. Deretter var det tid for Postludium, der Niklos kom med musikk av Franz Liszt. Så avslutta vi som vanleg med Kyrkjebakken, og då kunne vi spele litt av Lykksalig, lykksalig, som vi fann på YouTube. 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *