Ny biblioteksjef i Valle

Share

Kjersti Torbjrnsen

Tysdagskvelden var den nye biblioteksjefen i Valle, Kjersti Torbjørnsen med i Valle Radio. Ho fortalde at ho hadde vore biblioteksjef i Aukra i to år før ho kom til Valle 10. september. Oppvaksen i Stavanger og med arbeidserfaring frå Sola kommune, der ho først var ungdomsarbeidar i mange år og etter kvart fekk seg jobb på biblioteket. Ho hadde teke mange kurs i formidling av litteratur, og mellom anna hadde ho reist rundt som formidlar av bøkene frå Kulturfondet til bibliotekarar og som formidlar for foreningen Les! av bøker for vanlege lånarar.

Bøker er ferskvare, sa ho i ein samtale eg hadde med henne før ho kom i radioen. I radioen snakka vi om problemet det er når det årleg kjem inn tusen nye bøker. Då må tusen bøker ut, for ein har jo ikkje fysisk plass til bare å fylle på år etter år. Det er ein vanskeleg jobb å kassere bøker, men det må gjerast, og ho hadde kassert mange tusen bøker i sitt arbeid på bibliotek. Ho såg for seg at det måtte ho og gjere i Valle, så no er det nok ekstra høve til å finne brukte bøker på biblioteket framover.

I Aukra hadde ho samarbeidd med flykningekonsulenten og Frivilligsentralen om språkkafe for innvandrarar, det vona ho å få til også i Valle. For biblioteket er ikkje lenger eit magasin for bøker, men den møteplassen med lågast terskel i ein kommune. Vi må hugse på at alt er gratis. I ein kommune har dei ikkje bare utlån av bøker på biblioteket, men også utlån av folk, lån ein person til å snakke norsk med ein time. Kanskje kunne ein få til noko slikt i Valle også. Andre bibliotek låner også ut utstyr til sport og friluftsliv, kanskje kunne det også vere noko for Valle.

Praten gjekk lett, og det blir nok ikkje siste gong Kjersti Torbjørnsen er med i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *