Valsending 2015

Share

Valsendinga i går kveld var omfatta av stor interesse. I salen sat 25 tilhøyrarar og det kom rapport om mange lyttarar på Internett. Sigurd Haugsgjerd spurde to kandidatar frå kvart parti, programmet starta klokka 18 og var ikkje slutt før nærare 21.30, då med ein halvtimes pizzapause frå 19.30 til 20.00.

I løpet av programmet var deltakarane innom mange tema. Her er ei liste eg laga med nokre av dei:

 

Kommunesamanslåing

Brokke Skianlegg

Næringsutvikling – heile dalen/lokalt

Sentrumsbygg – eige eller leige, privat/offentlig samarbeid
Ruste opp dei bygga ein har
Tryggleiksalarm – teknisk eller sjukepleie
Folketalsutvikling
Billig straum, gratis næringstomt
Skulemåltid
Skulesamanslåing?
Skuterpolitikk
Flyktningepolitikk. Det vert etablert mottak for 10 mindreåringe på Valle Motell
landbrukseigedomar må sirkulerast
Økonomi i kommunen og for utgreiingsarbeid til sentrumsbygg
Ein slik debatt blir naturleg nok ganske springande og neppe noko fullgodt grunnlag til å avgjere kven ein skal stemme på. I dag snakka eg med folk som meinte at debatten var noko tam, det vart ikkje særleg sprengkraft i han. Det kan eg nok vere samd i, dei fleste hadde fått på seg politikarklede, det var vel bare dei to nye i panelet som tala folkeleg og direkte.
Neste gong bør det vere to utspørjarar, ein som held samtalen i gang og ein som presenterer spørsmåla frå publikum. Det kom inn meir enn 20 spørsmål på SMS og epost i forkant av sendinga, men det er ikkje så lett for ein programleiar å få dei fram på ein god måte. Med ein ekstra til å stikke inn desse spørsmåla frå publikum kunne vi nok fått meir temperatur enn vi fekk i går kveld. Men vi lærer så lenge vi held på, så det innspelet får vi ta med til neste gong.
Neste onsdag klokka 20 vil det bli oppsummering etter valet. Det blir ikkje valvake i radioens regi i år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *