Om demens

Share

Av og til er Valle Radio meir aktuell enn ein skulle tru var mogleg. For nokre veker sidan var Stine Kocian innom i studio for å fortelje om eit kurs som var planlagt i Valle i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen om Aktivitetsvenn.

Kurset vart halde i Valle tysdag og onsdag og hadde seks påmelde. Difor var Stine innom i studio igjen tysdag for å fortelje meir om Nasjonalforeningen, og vi snakka meir om demens. Ho fortalde at ho hadde ein treårig prosjektstilling for å få til eit system med aktivitetsvenn i Aust-Agder og at det hadde vore kurs på Evje med om lag like mange deltakarar som i Valle.

Eg spurde henne kvifor ho hadde teke denne jobben, og ho kunne då fortelje at far hennar hadde blitt dement, og ho engasjerte seg for å finne ut korleis han kunne få eit godt liv midt i sjukdomen. Så dette var ikkje bare ein jobb, det var og eit engasjement hos henne.

I dag var det reportasje på Dagsrevyen om utviklinga innan demens, i dag er det om lag 20000 på sjukeheim med demens, trur eg dei sa, men dei ventar sterk auke, kanskje det doble innan få år, så å byggje ned sjukeheimskapasitet er kanskje ikkje så lurt.

Og sjølv opplevde eg det sterkt då eg i går var i gravferd og mine søskenbarn fortalde om mor deira som kom bort og bare kjente dei att av og til.

Så dette er jo noko som råkar dei fleste familiar, og som det er viktig å engasjere seg i. Så flott at det no har vore kurs i Valle, då kan både dei sjuke og dei pårørande få litt avlastning i ei vanskeleg tid.

Program veke 44, 2015

Share

Program tysdag 27.10.15
Ansvarleg Harald Haugland
Teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld med Harry Andersen
19.30 Om Nasjonalforeningen for folkehelse. Stine Kocian i studio
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland og Henrik West
21.00 Kyrkjebakken

Program onsdag 28.10.15
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Liv Gunn Viki
19.00 Tankar frå Bibelen med Bjørgulv T Berg
19.00 Kommunen informerer med leiar pleie og omsorg Unn-Merethe Nordby
20.00 Ørnulfs time
– Sigri Åkre fortel om osteopatipraksis i Valle
– Tor Espen Helle fortel om basaren i Treungen til laurdag
– Margit Dale fortel om boklansering og planane framover
21.00 Opi sending med Rolf-Erik Homme og Anna Rysstad

Dårleg radio

Share

Ikkje godt å vite om det er min radio i bilen eller sendinga frå Valle Radio som er problemet, men i kveld var det dårleg radio for meg. Eg hadde første kvarteret, deretter prata eg litt med teknikar Siri og gjest Harry Andersen før eg sette meg i bilen. Eg gledde meg til å høyre Valle Radio på tur nedover dalen.

Men det vart ei blanda glede. Frå Valle til Bygland skurra det mest heile tida. Skurrande sus kom saman med song og samtale. Frå Lauvdal tok radio Loland til å slå inn, så då fekk eg countrymusikk oppå talen. Men då det kom musikk også på Valle Radio, skrudde eg av. Eg må nok sjekke antenna i bilen, men det var ikkje problem med NRK.

Husrom og hjarterom

Share

Då tyskarane med den brente jords taktikk tømde Nord-Troms og Finnmark hausten 1944, var det aldri spørsmål om kommunar lenger sør ville ta imot flyktningane. Dei kom til Midt-Troms og Sør-Troms og Nordland og Trøndelag, Vestlandet, Austlandet, ja til og med til Sørlandet fann dei vegen. Dei fleste reiste heim att då freden kom, men nokre vart verande.

I våre dagar, vel 70 år etter, bankar nye flyktningar på dørene våre. Dei har anna språk og kultur, kan hende hudfarge og. I åra mellom 1944 og 2015 har vi hatt fleire bølger av flyktningar som har kome hit, heilt sidan ungarske flyktningar kom på 50-talet har det vore grupper som har funne vegen til Norge. No er det folk frå Syria som fylle asylmottak, dei har selskap med folk frå Afghanistan og Eritrea, Men vi hugsar tamilar, bosniarar og kosovo-albanarar. Då eg starta som lærar for vaksne utlendingar som treng å lære norsk, hadde vi og folk frå Iran og Irak i Valle kommune.

Sundagskvelden kom eg til å høyre eit interessant program på Verdibørsen då eg kjørte frå Mandal til Valle. FAFO hadde hatt eit seminar om busetting av flyktningar no i Oslo. Eit av mange tema der var busetting av flyktningar. Då fortalde dei om den norske modellen, der kommunen bestemmer, den danske modellen, der staten bestemmer og den svenske modellen, der flyktningen bestemmer.

Naturleg nok ville ikkje KS sin representant ha noko endring i ordninga med at kommunen bestemmer. Men andre peika på problemet med at det sit 5000 som har fått innvilga opphald og ventar fordi kommunane er trege til å ta imot. Når så neste bølgje kjem, må IMDI ut på ny leiting etter dyre plassar. Samstundes lever folk i vakuum, ventar på å kome i gang med eit nytt liv her i landet. Det kan jo ikkje vere godt for nokon andre enn kommunane.

I Valle er 30 prosent av elevane no av framandspråkleg opphav. Det er klart at dette er utfordring for skulen, men utfordringar av denne typen må vel bare løysast. Mange av dei framandspråklege elevane som har kome seg gjennom skulen, har gjort det betre enn ein kanskje skulle tru når ein ser at dei skal klare det på eit framand språk.

I radioprogrammet vart det sagt at kommunane må sjå på busetting av flyktningar på same måte som å drive skule og barnehage, aldersheim og vassverk, det er ikkje lenger noko ekstrarordinært, men ei normal oppgåve for ein kommune i Norge.

Valle kommune skal ha 45 flyktningar. Når dei har vore fem år, er dei ikkje lenger flyktningar, men ordinære innbyggjarar i kommunen. Utan å ha sjekka statistikken vil eg tru at over ti prosent av innbyggjarane i kommunen har eit anna morsmål enn norsk.

Her kan du lese ein kronikk om dette: Et farvel til frivilligheten

Og her er lenke til meir informasjon om seminaret hos FAFO

Kulturpris i Lyngdal delt ut

Share

I kveld var det utdeling av kulturprisen i Lyngdal. Ettersom det var min søster Jorunn som skulle få den, tok vi turen dit. Min søster Solvor og hennes Gaute kom også, sammen med vårt søskenbarn Brit. Jorunns tre døtre med familier var der også, så det ble en familiesamling denne fine høstkvelden.

Vi ble invitert til å spise pizza på Jonas B. før arrangementet. Spisestedet ligger i kulturhuset, så det passet jo bra, maten smakte og praten gikk.

Jorunn har vært organist i Lyngdal i 15 år. I alle disse årene har hun arrangert Sommerkveldsmusikk – hver fredag er det små konserter i kirken i Lyngdal, åtte fredager fra juni til august. Her kommer amatører og profesjonelle musikere og kulturskoleelever får også prøve seg. I tillegg er det salmesang og bibellesning. Siste sommer var snittet på besøk  111 personer. Det er små honorarer, dermed bærer det hele seg gjennom kollektene som publikum gir ved utgangen.

Festen i Lyngdal i kveld var noe vi kommer til å huske, særlig fordi vi fikk høre tre tidsvitner fortelle fra opplevelser under krigen.  Anne Maria Vegge, Ole Jensen og Søren Brandsnes snakket med Ådne Fardal Klev, det ble en samtale som gjorde inntrykk på oss alle. Koret Koremi og Harrys Jazzkvintett leverte flott musikk og sang og pausen midt i programmet med marsipankake og kaffe fungerte nesten like godt sosialt som kaffe på kirkebakken etter sommerkveldskonsertene.

Etter pausen var det så utdeling av kulturstipen til  Lila Elveseter Abrahamsen, som kvitterte med et par sanger før Jorunn fikk prisen. Hun knipset med fingrene og dermed kom Moens familiekor på scenen og sang Keltisk velsignelse før ordfører Jan Kristensen takket alle som hadde bidratt og gratulerte prisvinnerne. Så avsluttet koret med frisk sang og vi gikk oppløftet ut i høstmørket, smilende og takknemlige over å ha fått være med på en innholdsrik kulturkveld i Lyngdals flotte kulturhus.

Lister 24 skrev om arrangementet og la ut noen bilder.

 

Nytt kommunestyre i Valle

Share

I går vart det nye kommunestyret i Valle konstituert. Det vart eit kort møte, det starta klokka 18 og 18.40 var det slutt. Når Valle Radios onsdagssendingar startar klokka 19, kunne altså onsdagskvelden hatt full sending etter at kommunestyremøtet var slutt, men det kunne ingen vite, så den sendinga er utsett ei veke.

Eg fekk ikkje høyre starten på møtet, men her er dei nye medlemmene:

Steinar Kyrvestad Ordførar AP

Hanne Tangeraas Straume Medlem AP

Hildeborg Homme Medlem AP

Knut E. Haugland Medlem AP

Kim Pedersen Medlem AP

Kjell Ove Tveiten Medlem AP

Solveig Birgitte Kyrvestad Medlem AP

Knut Hagen Medlem H

Olav K. Hovet Medlem H

Sissel Åkre Medlem V

Hans Olav Omnes Medlem V

Tarald Myrum Medlem SP

Margit Dale Medlem SP

Stein Føreland Straume Medlem SP

I tillegg er Åse Ingebjørg Flateland Medlem SP, men ho kunne ikkje møte, så for henne møtte Tor Espen Helle, varamedlem SP

I møtet valde dei Knut Hagen til varaordførar. Dei valde også medlemmer til utval og råd, det gjorde dei etter at valstyret hadde laga eit framlegg, og det framlegget vart samrøystes vedteke. I møtet las dei opp noko av dette, mellom anna kven som kom i formannskapet, der AP fekk to, dei andre ein kvar.

Reisetankar

Share

Her er Siri sitt kåseri i Valle Radio tysdag 20. oktober 2015. Ho var ansvarleg denne kvelden og då laga ho dette flotte kåseriet: 

At norrønafolket, det vil fare, er noe jeg er helt enig med Bjørnson i. Vi farer og reiser både hit og dit, og nå enda fortere enn den gang Sigurd dro til Jerusalem. Det som tok flere måneder før, tar åtte-ti timer nå. Vi bytter kjapt kulde og snjo med mild til stekvarm bris, og stakkan og skinnfu med bikini, djellaba og burka i Dubai vel så fort som andre kjører fra Kristiansand til Tromsø i snøfokk med lua langt nedenfor øyebryna. Men det er ei langt stuttare reise eg tenkte på, ho hadde eit mål – målarstuga til Kristin målar i Brokke, og me var tvo med tida og vegen føre oss.

Det var fleire vegkryss underveis, var målet viktig – og måtte me dit så fort som det er lovleg mogleg – eller var vegen målet? Det vart ikkje noko rally frå Bygland til Brokke for oss. Me fann at dei stressa folka gjerne kunne stå i ein fergekø ved Lavik, eller sneie hverandre i kivinga for å nå 50-sona på Frøysnes fyrst – der dei køyrer 70.

Me valde vegen utan gul stripe, og hadde nok å sjå på og røa om. Om han som segna fortel at aldri kom heilt heim til Elingstjønn etter krigen – han fekk berre sjå garden på avstand før han døydde. Om små laftebuer, idyllisk i skogkanten omkransa av stadig meir avkledde lauvtre – dei går frå grønt til eit festfyrverkeri i oransje, gull og raudt til nakne kvite og svarte stammar som strekk seg sultent og krevjande mot den knallblå himmelen.
På Sandnes såg me eit kapell med tærne i vannkanten, og langs vegen vidare lova store kvite traktoregg vinterføde for husdyra, medan attgløymde eple på trea er mat for elg og andre dyr… Om tråvkøyring på ein islagt Åraksfjord ved Heddeviki på 1920- og 30-talet. Det var då, og ikkje no. Det har kraftproduksjonen sytt for. Om to gamle systre på ein plass høgt oppe i lia med utsikt til Reiårsfossen. Mange års slit skal ha bøygd ryggjane krumme – og eg undra meg på om dei fekk sjå nattehimlen med alle stjernene, så krumbøydde som dei hadde vorte.

Me køyrde ikkje over til Ose, men fortsatte mot Austad, forbi eit ungdomshus som fortel om ei fortid der folk ikkje reiste så langt som no utan vidare. Fortid, ja. Huset som Bendik Stubseid var med på å reise, akkurat som ungdomsforeninga, er også de mange no vil kalla en «hasbeen» – har vore – der det stend tannlaust og blindt utan glas, og er på veg attende til den naturen materiala i det kom frå. Det er forresten rart med Bendik, læraren som reiste frå Askvoll i Sogn og Fjordane til Austad der han slo seg ned, og vigde to gonger. Den fyrste kona levde ikkje så lenge, men Mari Olavsdotter Hegland levde fem år lengre enn mannen. To av borna, sønene David og Bjørn, kom etter kvart til min heimkommune – Glemmen i Fredrikstad. Rare greier. David reiste frå Bygland til Tromsø, Karasjok og Notodden før han fann roa i byen der øst, og nokre år seinare kom Bjørn og.

Men, vegen tok oss vidare langs gamle og nye hus, nymåla og avskalla, grå; fråflytta og einsame som før hadde romma foreldre og månge born – no vitjas dei berre nokre få dagar i året; men OG nye hus med liv veggane. Han vart smalare og fekk eit dekke av sand, vegen, meir privat og inviterte til å leva langsomt. Fjøddi blei steile og kom nær, og i mellom låg ein trolsk skog med mose som såg mjukare ut enn dei mjukaste dynene. Etter at vi passera ein utdøydd og stille motorcrossbane på Hækni, frista framleis ikkje rallybanen på vestsida, så me heldt til høgre og fortsatte mot Straume. Langs den vegen reiser eit stort laftebygg reiser seg mellom den og elva. I det har Stein Føreland Straume planar om å ha kommandoen over 400 vinterfora sauer etter kvart. Litt av eit bygg! Etter brua over Straumsfossen kunne me ikkje velja meir, det blei beine vegen (nesten!) opp til Brokke. Ok, ein liten pause fekk me før reisa enda hos Kristin Brokke, det var oppe i høgda og me fekk eit utrolig utsyn over Rysstad, Bjørgum og meir til.

Syngjande matrosar

Share

Dei syngjande matrosane frå Haag i Nederland gjesta Valle i dag. Det vart ei oppleving for oss som fekk høyre dei.

Eg hadde ordna med Siri, slik at ho tok programmet i radioen i kveld, dermed kunne eg gå i Valle kyrkje klokka 18. Eg kom der i god tid, kanskje 17.40, då stod det alt mange utanfor kyrkja og venta. Songarane måtte skifte klede i kyrkja, så dørene var lukka. Men så opna dei og forventningsfulle folk strøymde inn i kyrkja.

Det heile starta med ei avdeling folkemusikk som Kirsten Bråten Berg presenterte. Ho hadde med seg Eldbjørg Trydal Rysstad og Sigurd Brokke, og sanneleg kom ikke korsongarane med i bånsullar og stev, dei og. Dei hadde hatt semniar med Kirsten på Sylvartun tidlegare i dag og då hadde Jamie vore innom og spelt hardingfele for dei.

Men så var det tid for det klassiske programmet, og det var vakkert.  Tårer pipla i augekroken både ein og fleire gonger, kombinasjonen av orgel og korsang rører noko i meg. Her fekk vi musikk av Vivaldi til å begynne med: Gloria. Så var dei innom fleire komponistar, både Bach og Faure, før dei avslutta med noko frå Mozarts kroningsmesse.

Fleire av koristane fekk prøve seg som solistar, av og til song bare grupper av koret, då sette dei andre seg. Dei kan begynne i koret når dei er 4-5 år og held på til dei er 18. Yngste songaren som var med på turen til Setesdal var 8 år. Guttesopranen som song solo i kroningsmessa var svært god, og klangen i koret som heilskap var vakker både på svak styrke og når dei tok i. Som ekstranummer fekk vi Hallelujakoret etter at korets dirigent hadde gjeve gåver til dei som var med og ordna opphaldet i Valle.

For songarane, som bur  på Gautestad, hadde det vore ein lang dag, og nokre av dei lurte seg til ein geisp under konserten. Men dei trollbatt meg med den flotte sangen. Og så var det moro å høyre orgelet i full bruk, det er eit godt instrument.

Valle Radio veke 43, 2015

Share

Denne veka tek Siri Johannessen over ansvaret for tysdagssendinga. Ho er og teknikar. Dermed kan eg få med meg konserten med matroskoret frå Haag som skal vere i Valle kyrkje klokka 18. Eg reknar med å vere i radioen att klokka 20 og ha aktuell halvtime og Postludium.

Det blir ei oppleving å få høyre eit kor som liknar vårt Sølvguttene i Valle kyrkje. Koret vart etablert i 1920-åra,

Onsdag er det konstituerande møte i Valle kommunestyre.

Tysdag 20. oktober

Ansvarleg: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Møteplassen
20.00 Aktuell halvtime
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 21. oktober
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Rune & Margit & Moi

Share

Onsdagskvelden var Margit Dale i studio og fortalde om arbeidet med kokeboka som vart lansert i Oslo i dag. Sundag mellom 14 og 16 er det lansering i Valle. I dag var ho i Nitimen og fortalde om prosjektet, då var det god trening å vere i Valle Radio ein halvtime onsdagskvelden, meinte ho.

-Det er ikkje sikkert eg hadde gått i gang med dette om eg hadde visst kor mykje arbeid det var, sa ho. I to år har dei halde på etter at ho fekk ideen til å gjere dette.

-Men korleis fekk du med Rune Andersen og Trond Moi? spurde eg.

-Det var ikkje vanskeleg, begge svarte ja på første telefon, var svaret.

Nå er det ikkje blitt ei vanleg kokebok, det er ei praktbok som høver godt til jolegåve. Den tek brukaren med på ei kulinarisk reise frå Bjåen til Byglandsfjord. Ho er trykt i 5000 i førsteopplaget, men så skal det og kome tre TV-program på TV2. Det er ikkje fastsett kva tid, men planen er at det skal kome før jol. Programma er tekne opp ute i naturen, det var mykje logistikk som måtte ordnast for å få det til. Kjøkken frå Strai vart sett opp og så trylla Trond fram dei gode tradisjonsrettane av kortreiste råvarer. Lanseringa i Oslo skjedde difor hos Strai kjøkken sin butikk der.

Når eg skriv dette, har videoen som Nitimen la ut i dag hatt over 17.000 visningar, så om salet av boka står i stil med det, må dei nok til å trykke nytt opplag før jol.

Takk til Margit og dei andre i prosjektet for jobben som er gjort og ekstra takk til Margit som kom i radioen onsdagskvelden og gav oss ein svært interessant halvtime. Her er innslaget frå Nitimen