Kristenliv på Agder

Share

Dette er tittelen på 50  års-skrift for Agder krins av Det norske lutherske kinamisjonsforbund. Boka er skriven av Oscar Handeland og kom ut i 1948 med over 500 sider. I Bokbyen sitt antikvariat kostar ho 150 kroner, men eg fekk henne for halvparten i Mandal denne veka. Ho var hefta og uspretta, så eg måtte til med kniv for å lese litt samanhengande i henne.

Men det førte til at eg googla forfattaren, og då kom eg over ein stor artikkel på lokalhistoriewiki, skriven av Erik Kjebekk. Den er vel verd å lese for ein som er interessert i historie og vil sjå nokre liner bakover i tida. Dette skriv Kjebekk litt om i artikkelen: «Attersyn og framsyn” var tittelen på eit foredrag Handeland heldt då Agder krins av NLM runda femti år i 1946. Eit framsyn utan attersyn er farleg. Halvdan Koht sette som tittel på ei av bøkene sine: På leit etter liner i historia. Dei historiske linene er viktige både for å forstå si eiga samtid og å halde kursen frametter. Å bli historielaus ber galt avstad, også i det kristne arbeidet. Me må ha med oss historia, me må ha kjennskap til røtene.»

Eg opplever nok at det er noko av dette eg arbeider med  når eg skriv på Setesdalswiki. I våre dagar er det mindre dei historiske foredraga og dei historiske bøkene og meir artiklar på internett som kan hjelpe oss å forstå historia. Men dei har sin basis ein stad, gjerne i det som folk fortel og deler med seg av opplevingar og vurderingar.