Husrom og hjarterom

Share

Då tyskarane med den brente jords taktikk tømde Nord-Troms og Finnmark hausten 1944, var det aldri spørsmål om kommunar lenger sør ville ta imot flyktningane. Dei kom til Midt-Troms og Sør-Troms og Nordland og Trøndelag, Vestlandet, Austlandet, ja til og med til Sørlandet fann dei vegen. Dei fleste reiste heim att då freden kom, men nokre vart verande.

I våre dagar, vel 70 år etter, bankar nye flyktningar på dørene våre. Dei har anna språk og kultur, kan hende hudfarge og. I åra mellom 1944 og 2015 har vi hatt fleire bølger av flyktningar som har kome hit, heilt sidan ungarske flyktningar kom på 50-talet har det vore grupper som har funne vegen til Norge. No er det folk frå Syria som fylle asylmottak, dei har selskap med folk frå Afghanistan og Eritrea, Men vi hugsar tamilar, bosniarar og kosovo-albanarar. Då eg starta som lærar for vaksne utlendingar som treng å lære norsk, hadde vi og folk frå Iran og Irak i Valle kommune.

Sundagskvelden kom eg til å høyre eit interessant program på Verdibørsen då eg kjørte frå Mandal til Valle. FAFO hadde hatt eit seminar om busetting av flyktningar no i Oslo. Eit av mange tema der var busetting av flyktningar. Då fortalde dei om den norske modellen, der kommunen bestemmer, den danske modellen, der staten bestemmer og den svenske modellen, der flyktningen bestemmer.

Naturleg nok ville ikkje KS sin representant ha noko endring i ordninga med at kommunen bestemmer. Men andre peika på problemet med at det sit 5000 som har fått innvilga opphald og ventar fordi kommunane er trege til å ta imot. Når så neste bølgje kjem, må IMDI ut på ny leiting etter dyre plassar. Samstundes lever folk i vakuum, ventar på å kome i gang med eit nytt liv her i landet. Det kan jo ikkje vere godt for nokon andre enn kommunane.

I Valle er 30 prosent av elevane no av framandspråkleg opphav. Det er klart at dette er utfordring for skulen, men utfordringar av denne typen må vel bare løysast. Mange av dei framandspråklege elevane som har kome seg gjennom skulen, har gjort det betre enn ein kanskje skulle tru når ein ser at dei skal klare det på eit framand språk.

I radioprogrammet vart det sagt at kommunane må sjå på busetting av flyktningar på same måte som å drive skule og barnehage, aldersheim og vassverk, det er ikkje lenger noko ekstrarordinært, men ei normal oppgåve for ein kommune i Norge.

Valle kommune skal ha 45 flyktningar. Når dei har vore fem år, er dei ikkje lenger flyktningar, men ordinære innbyggjarar i kommunen. Utan å ha sjekka statistikken vil eg tru at over ti prosent av innbyggjarane i kommunen har eit anna morsmål enn norsk.

Her kan du lese ein kronikk om dette: Et farvel til frivilligheten

Og her er lenke til meir informasjon om seminaret hos FAFO

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *