Mange prosjekt

Share
Sansehagen ved Valle Bygdeheim.  Foto: Britta Lise Homme
Sansehagen ved Valle Bygdeheim.
Foto: Britta Lise Homme

Onsdag var Torleif Homme i studio i programmet kommunen informerer. Han kunne fortelje om mange prosjekt i regi av teknisk etat i Valle kommune.

For det fyrste var han glad for at ombygginga på Valle Bygdeheim var ferdig og at dei som har flytta inn i dei nye leilighetene var godt nøgde med budstadene sine. Dinest gledde han seg over sansehagen dei har fått laga på baksida av heimen, mot nord. Det er ikkje så stor plass, men dei har fått mykje ut av den. Når våren kjem, vil den bli til glede for dei som bur på heimen, meinte han.

Kommunen har ikkje noko med arbeidet på riksveg 9 å gjere, men han gledde seg over at det no går mot oppstart på arbeidet med gang og sykkelveg mellom sentrum og skulen i Valle. Det er eit prosjekt som har blitt snakka om i over 20 år, men no ser det ut til å kome i gang, og det er viktig, for det er mange som går og syklar på den strekninga. Utover ettermiddagen går elevar på folkehøgskule og vidaregåande skule ofte den vegen, i tillegg kjem alle som skal i hallen eller på fotballbanen og trene. Dette prosjektet er kommunen involvert i, sjølv om det er ein fylkesveg. Om ein skulle venta på fylket sine løyvingar, ville det nok ikkje blitt realisert i vår levetid, meinte han.

Når det gjeld veglys, har no Otera overteke vedlikehaldet og dei har i desse dagar hatt ein runde for å skifte pærer som var svarte. Dei har også ansvar for lyset i lysløypa på Furestøyl.

I eitt år no har det vore ein teknisk vakttelefon i kommunen. Han gjentok nummeret fleire gonger: 9700 3800, det står heilt nederst på kommunen si heimeside. Det er godt å ha fått eit nummer som er bemanna 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, 365 dagar i året. Der kan ein melde frå om ein treng hjelp frå kommunen utanom arbeidstid.

Vidare kunne han fortelje at arbeidet med ny hengebru startar i oktober og skal vere ferdig til jol. Firmaet som skal gjere jobben er eit stort firma på Austlandet som har spesialisert seg på bruer, og dei skal nytte fundament frå den gamle brua. Opparbeiding av turvegar på vestsida av elva vil skje til våren.

Endeleg var vi innom arbeidet med å bygge nytt renseanlegg på Rysstad. Der rekna han med at anbod ville bli lyst ut i oktober, og det var alt fastsett oppstartdato, 15. juni neste år skal det takast i bruk. Torleif fortalde og at med nytt renseanlegg vil det bli på Rysstad som det no er i Valle,tørrstoffet etter rensinga vert kjørt bort i kontainarar nokre gonger i året. På Rysstad har dei til no vore avhengige av tankbil, der vantet og fylgjer med, så det er mykje dyrare enn det vil bli i framtida. Vonleg vil også all lukt forsvinne, men bygningen vert flytta lenger vekk frå hus, det gamle anlegget skal sanerast heilt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *