Om demens

Share

Av og til er Valle Radio meir aktuell enn ein skulle tru var mogleg. For nokre veker sidan var Stine Kocian innom i studio for å fortelje om eit kurs som var planlagt i Valle i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen om Aktivitetsvenn.

Kurset vart halde i Valle tysdag og onsdag og hadde seks påmelde. Difor var Stine innom i studio igjen tysdag for å fortelje meir om Nasjonalforeningen, og vi snakka meir om demens. Ho fortalde at ho hadde ein treårig prosjektstilling for å få til eit system med aktivitetsvenn i Aust-Agder og at det hadde vore kurs på Evje med om lag like mange deltakarar som i Valle.

Eg spurde henne kvifor ho hadde teke denne jobben, og ho kunne då fortelje at far hennar hadde blitt dement, og ho engasjerte seg for å finne ut korleis han kunne få eit godt liv midt i sjukdomen. Så dette var ikkje bare ein jobb, det var og eit engasjement hos henne.

I dag var det reportasje på Dagsrevyen om utviklinga innan demens, i dag er det om lag 20000 på sjukeheim med demens, trur eg dei sa, men dei ventar sterk auke, kanskje det doble innan få år, så å byggje ned sjukeheimskapasitet er kanskje ikkje så lurt.

Og sjølv opplevde eg det sterkt då eg i går var i gravferd og mine søskenbarn fortalde om mor deira som kom bort og bare kjente dei att av og til.

Så dette er jo noko som råkar dei fleste familiar, og som det er viktig å engasjere seg i. Så flott at det no har vore kurs i Valle, då kan både dei sjuke og dei pårørande få litt avlastning i ei vanskeleg tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *