Jan Engervik på Rysstad

Share

Så fekk endeleg eg og oppleve eit arrangement i kulturveka 2015. Den går av stabelen i denne veka med mange arrangement, men når ein er oppteken med Valle Radio, kan ein ikkje få med seg alt anna.

Jan Engervik er trubaduren som er kjent for å ha sunge Evert Taube sine viser på sørlandsk dialekt. Han har og omsett danske  Niels Hausgaards viser til Lindesnes-dialekt. No er fiskematprodusenten på turne for å lansere ny plate med Hausgaards viser.  Den heiter Nå alt komme te alt og har 13 låtar.

Det vart ein kveld med lun sørlandsk humor, med noko alvor attåt. I tekstane var det mykje å kjenne seg att i. Saman med Peter Wemö, den svenske visesongaren som bur på Justøy og som er svigersonen hans gav han oss fin musikk på gitar, det var hyggeleg å høyre slik akustisk gitarspel. Det kledde stoffet godt.

Sjølv om ein no nesten ikkje lenger har cd-plater, måtte eg få ei som eit minne om kvelden, og då fekk eg ei helsing med: Harald! Flott at du kom. Det tykte eg og, det kunne vore fleire på konserten, for det var flott at eg kom og då hadde det sikkert vore flott for andre og.

Kulturpris i Lyngdal

Share

I kveld vil eg gratulerer syster mi, Jorunn Margrete Moen. Ho er organist i Lyngdal og fekk i kveld vite at ho fekk kulturprisen for 2015. Eg siterer frå lister24, som skreiv om dette i kveld:

Overrasket kulturprisvinner

Mens andre tar ferie og reiser vekk, jobber organist Jorunn Moen med å arrangere klassiske konserter i Lyngdal kirke. For det, og arbeidet må å spre og lære bort musikk, får hun årets kulturpris i Lyngdal.

– Jeg er sjokkert! I alle dager, lille meg? Hva skulle jeg få kulturprisen for, var min første reaksjon, sier 66-åringen til Lister hjemme i stuen i Oftebrofeltet.

Litt før klokken 18.00 onsdag kveld fikk hun telefon fra kulturstyret i Lyngdal. Beskjeden var enkel og klar; hun var tildelt Lyngdal kommunes kulturpris for 2015. Prisen har hun fått for sitt arbeid med å formidle og arrangere konserter innen klassisk musikk, ikke minst Sommerkveldsmusikk-konsertene i Lyngdal kirke som hun har stått bak siden hun og ektemannen flyttet til Lyngdal i år 2000. I begrunnelsen heter det også at hun har utført en jobb innen formidling av musikk som er langt større enn det man normalt forventer av en organist.

Gjennom åra har eg teke nokre turar til Lyngdal kirke fredagskveldar i sommarferien for å vere med på Sommerkveldsmusik-konsertane der. Det er ei spesiell ramme, konsertane tek ein god time, og så er det kaffe og småprating på kyrkjebakken etterpå. Jorunn har hatt med seg gode hjelparar til å ordne praktiske oppgåver og gode utøvarar til å gjennomføre konsertane, som eigentleg ikkje er konsertar, men musikkandaktar med tekstlesing og salmer, men og med framføring av musikk på høgt nivå. Og så har ho alltid hatt med elevar frå kulturskulen, dei har ofte fått sin første presentasjon for eit stort publikum på desse konsertane.

Avisa skriv vidare:

– Gøye konserter

– Det er ikke alle organister som orker å bruke sommeren til å arrangere konserter, man har jo ferie. Jeg synes konsertene er litt gøye. For det første synes jeg det er dumt å ha to konserter før ferien og to etter. Hvorfor ikke holde dem i juli når turistene er her? Ikke alle reiser bort om sommeren, hvorfor skal ikke de få lov til å ha det kjekt og lytte til god musikk? Regelmessighet er viktig. Det hender folk har glemt en konsert og kommet til meg og beklaget at de ikke kom, men da har jeg bare opplyst at de kan komme på den neste konserten, smiler Moen.

Moen er født og oppvokst på Ålgård i Rogaland, og tok sin organistutdannelse i Stavanger. Da hun og ektemannen flyttet til Lyngdal for 15 år siden, var hun organist i Hobøl i Østfold. Gjennom hele livet har hun vært levende opptatt av musikk. Det har hennes egne barn og barn og unge gjennom kulturskolen eller private undervisningstimer fått gleden av.

Ja, døtrene hennar er profesjonelle musikarar, Gunn Randi er organist, Margrete er pianist og Torunn Irene er oboist. Sonen Odd Håvard er og med i familiekoret, så i sommar stilt dei opp saman med ektefeller og barn og gav ein flott konsert i Lyngdal kirke. Det var ei oppleving å sjå og høyre denne sangglade familien.

Gratulerer med kulturpris, Jorunn, den var vel fortent.

Solskinnsmonarki

Share

Sundag vart eg sitjande framfor TV og sjå på barnedåp frå Slottskyrkan på Drottningholm. Det vart ei fin stund framom skjermen.

Ein ting var ei flott pynta kyrkje, der dei til og med hadde funne fram eit teppe som sjeldan vart brukt og lagt framme i koret. Der kunne dåpsbarnet si syster leike seg medan programmet gjekk.

Ein annan ting var den flotte sangen frå koret på läktaren, ein harpist på eit anna galleri og dirigenten på tredje. Repertoaret var i stor grad på engelsk, men det gjorde vel ikkje noko, Wings of a dove for guttesopran er eit nydeleg stykke.

Liturgien var også fin, i Sverige er det vanleg at presten tek imot barnet og sjølv held det i dåpen, ikkje at foreldra held det, og etterpå vart prinsen lyfta høgt opp og synt fram for kyrkjelyden som det nyaste medlem, noko gråtande med stor røyst, men akkurat då han vart lyfta opp, var han stille og undrande, slik som det høver seg når underet i dåpen har skjedd.

I Dagens Næringsliv var det i dag ein artikkel om monarkiet i Norge, den vart kalla Solnedgangsmonarki og han som skreiv den, meinte nok at det gjekk mot slutten av monarkiet i Norge, men at vi har langsam solnedgang her oppe i nord. Han siterte Knut Olav Åmås, direktøren i Fritt Ord, som sundag hadde ein artikkel i Aftenposten om monarkiet og då hadde eit motsett syn: Monarkiet verkar i praksis, det er ein viktig tradisjonsbærar, arv er ein berande institusjon i samfunnet og at ein republikk ikkje ville gjere Norge meir demokratisk.

Vi snakkar av og til om statsform i Norge med elevane på vaksenopplæringa og når dei lurer på kvifor vi har monarki i Norge, seier eg at det neppe er betre eller billigare å velje president med jamne mellomrom, så vi held på tradisjonen med å ha konge her i landet.

Det som imponerte meg mest i TV-overføringa frå Sverige var første salma dei song: Tryggare kan ingen vara. for då song dei med, frå alle stolar og benker i kyrkja. Dei såg ikkje i programmet ein gong, det verka som om dei kunne alle versa. Det er alltid ei glede å sjå gudstenester på svensk TV, for det er mykje fin sang der. Men denne gongen var det ikkje kor og solistar, men ein engasjert kyrkjelyd med heile den svenske politiske leiinga som song Lina Sandells vakre song. Det kallar eg solskinnsmonarki.

Program for veke 42, 2015

Share

Tysdag 13. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 14. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakter frå klokka 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg Lund
20.00 Aktuell time
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Mange prosjekt

Share
Sansehagen ved Valle Bygdeheim.  Foto: Britta Lise Homme
Sansehagen ved Valle Bygdeheim.
Foto: Britta Lise Homme

Onsdag var Torleif Homme i studio i programmet kommunen informerer. Han kunne fortelje om mange prosjekt i regi av teknisk etat i Valle kommune.

For det fyrste var han glad for at ombygginga på Valle Bygdeheim var ferdig og at dei som har flytta inn i dei nye leilighetene var godt nøgde med budstadene sine. Dinest gledde han seg over sansehagen dei har fått laga på baksida av heimen, mot nord. Det er ikkje så stor plass, men dei har fått mykje ut av den. Når våren kjem, vil den bli til glede for dei som bur på heimen, meinte han.

Kommunen har ikkje noko med arbeidet på riksveg 9 å gjere, men han gledde seg over at det no går mot oppstart på arbeidet med gang og sykkelveg mellom sentrum og skulen i Valle. Det er eit prosjekt som har blitt snakka om i over 20 år, men no ser det ut til å kome i gang, og det er viktig, for det er mange som går og syklar på den strekninga. Utover ettermiddagen går elevar på folkehøgskule og vidaregåande skule ofte den vegen, i tillegg kjem alle som skal i hallen eller på fotballbanen og trene. Dette prosjektet er kommunen involvert i, sjølv om det er ein fylkesveg. Om ein skulle venta på fylket sine løyvingar, ville det nok ikkje blitt realisert i vår levetid, meinte han.

Når det gjeld veglys, har no Otera overteke vedlikehaldet og dei har i desse dagar hatt ein runde for å skifte pærer som var svarte. Dei har også ansvar for lyset i lysløypa på Furestøyl.

I eitt år no har det vore ein teknisk vakttelefon i kommunen. Han gjentok nummeret fleire gonger: 9700 3800, det står heilt nederst på kommunen si heimeside. Det er godt å ha fått eit nummer som er bemanna 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, 365 dagar i året. Der kan ein melde frå om ein treng hjelp frå kommunen utanom arbeidstid.

Vidare kunne han fortelje at arbeidet med ny hengebru startar i oktober og skal vere ferdig til jol. Firmaet som skal gjere jobben er eit stort firma på Austlandet som har spesialisert seg på bruer, og dei skal nytte fundament frå den gamle brua. Opparbeiding av turvegar på vestsida av elva vil skje til våren.

Endeleg var vi innom arbeidet med å bygge nytt renseanlegg på Rysstad. Der rekna han med at anbod ville bli lyst ut i oktober, og det var alt fastsett oppstartdato, 15. juni neste år skal det takast i bruk. Torleif fortalde og at med nytt renseanlegg vil det bli på Rysstad som det no er i Valle,tørrstoffet etter rensinga vert kjørt bort i kontainarar nokre gonger i året. På Rysstad har dei til no vore avhengige av tankbil, der vantet og fylgjer med, så det er mykje dyrare enn det vil bli i framtida. Vonleg vil også all lukt forsvinne, men bygningen vert flytta lenger vekk frå hus, det gamle anlegget skal sanerast heilt.

Vinnar i Byggi-lotteriet

Share
Tilsette på Byggi Valle
Tilsette på Byggi Valle

I kveldens sending vart det trekt ein vinnar i Byggi-lotteriet. Det var eit lotteri som Byggi starta i vår. Då var Øyvind Andre Thomassen i studio og fortalde at dei hadde 200 klistremerker som dei delte ut til folk som ville ha dei på bilane sine. Når alle 200 var delt ut, ville dei trekke ein vinnar.

I kveld skjedde det. Øyvind og vår redaktør Ørnulf Hasla var i studio og skulle ha ein prat på direkten med vinnaren. Den heldige vinnaren var Egil Lea frå Lillesand, som har hytte i Setesdal og difor ofte var innom på Byggi. Då dei fekk kontakt med han, fortalde han at han hadde eit problem: Han hadde seld bilen. Då måtte dei to i studio ha time-out, som det heiter, for eit krav var at vinnaren skulle ha Byggi-merke på bilen til trekkinga var over. Etter å ha tenkt litt tok dei ny kontakt med vinnaren,  som då fortalde at bilen var blitt delebil i Tvedestrand og ikkje lenger rulla på vegen. Då var det bare å trekke ein ny vinnar.

Den nye vinnaren var Kim Arild Trydal i Valle. Han vann Butinox maling til huset sitt, ein Hitatchi oppladbar drill, ein hybrid grasklyppar, går både på straum og batteri, og eit gåvekort på 4000 kroner hos Fibo-Tresbo. Han var helst fåmælt på lufta, det var ein gevinst han knapt kunne ha tenkt seg at han skulle få. Dette innslaget var nok høgdepunktet i kveldens sending. Gratulerer!

 

Veke 41, 2015

Share

Tysdag 6. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 7. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter frå 20.30: Jorunn Helle og Solveig Ryysstad
19:00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20:00 Aktuell time
21.00 Opi sending
*Valle Radios blogg: http://http://blog.setesdalswiki.no
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Kristenliv på Agder

Share

Dette er tittelen på 50  års-skrift for Agder krins av Det norske lutherske kinamisjonsforbund. Boka er skriven av Oscar Handeland og kom ut i 1948 med over 500 sider. I Bokbyen sitt antikvariat kostar ho 150 kroner, men eg fekk henne for halvparten i Mandal denne veka. Ho var hefta og uspretta, så eg måtte til med kniv for å lese litt samanhengande i henne.

Men det førte til at eg googla forfattaren, og då kom eg over ein stor artikkel på lokalhistoriewiki, skriven av Erik Kjebekk. Den er vel verd å lese for ein som er interessert i historie og vil sjå nokre liner bakover i tida. Dette skriv Kjebekk litt om i artikkelen: «Attersyn og framsyn” var tittelen på eit foredrag Handeland heldt då Agder krins av NLM runda femti år i 1946. Eit framsyn utan attersyn er farleg. Halvdan Koht sette som tittel på ei av bøkene sine: På leit etter liner i historia. Dei historiske linene er viktige både for å forstå si eiga samtid og å halde kursen frametter. Å bli historielaus ber galt avstad, også i det kristne arbeidet. Me må ha med oss historia, me må ha kjennskap til røtene.»

Eg opplever nok at det er noko av dette eg arbeider med  når eg skriv på Setesdalswiki. I våre dagar er det mindre dei historiske foredraga og dei historiske bøkene og meir artiklar på internett som kan hjelpe oss å forstå historia. Men dei har sin basis ein stad, gjerne i det som folk fortel og deler med seg av opplevingar og vurderingar.

 

 

 

 

Fredagssending 2. oktober 2015

Share
Valle Radios CD-hylle var viktig før, men no kjem det meste av musikken frå Spotify. Foto: Ronny Stavsholt
Valle Radios CD-hylle var viktig før, men no kjem det meste av musikken frå Spotify. Foto: Ronny Stavsholt

Då vi hadde årsmøte i september, var folk frå Radio Evje med oss på middagen. Etterpå hadde vi ein prat om aktuelle tema, mellom anna at vi i Valle Radio også dette semesteret skulle ha nokre fredagssendinga. I kveld gjekk den første av stabelen.

Program fredag 2. oktober 2015
Ansvarleg: Øyvind Jacob
Teknikar: Siri Johannessen
Tlf.vakt: Ingunn Uppstad og Ingebjørg Elinor Rysstad
19.00 Tankar frå Bibelen med Sigurd Risa
19.30 Regionrådet informerer med Signe Sollien Haugå
20.00 Øyvinds time. Gjest: Tone Lise Avdal
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt

Av og til når Bjørgulv får problem med å ha Tankar frå Bibelen, spør han meg om å finne noko i mi samling av stoff frå Norea. Eg nyttar jo både Over ein open Bibel og Møteplassen-stoff frå dei. I dag ringte han meg og lurte på om eg kunne hjelpe han, han hadde brote foten og sat med den i gips og kunne ikkje ha kveldens andakt.

I kveld er det Siri Johannessen som er teknikar, og ho veit korleis eg jobbar for å hente stoff frå Norea, så eg tok ein telefon til henne, så ordna ho resten. Sjølv hadde eg ikkje høve til å høyre på radioen i kveld, men vonar at det heile løyste seg greitt.

På Setesdalswiki har eg lagt inn eit oversyn over kven som er sett opp til å ha sendingane i haust. Lista Valle Radio program hausten 2015 er ikkje heilt ferdig, for neste fredagssending er sett opp 2. desember, og det er ikkje ein fredag, så eg må få avklart det med Ørnulf før eg kan fullføre lista. Der vil eg og oppdatere lista når eg får vite om endringar, så det kan vere lurt å fylgje med der om du vil vite kven som skal delta på onsdagskveldane i haust. Her på bloggen vil eg framleis prøve å kommentere og referere frå programma, sjølv om han ikkje lenger heiter Valle Radios blogg. Og framleis vil eg lage ei side på Setesdalswiki for programmet den enkelte kvelden. Der vil du finne lenker til dei folka som er med og som har artiklar på Setesdalswiki.

Skrivekonkurranse

Share

Så skriv vi oktober. Eg tenkjer at eg må kome i gang med blogginga att etter ein liten haustferie i bloggskrivinga.

Det betyr ikkje at eg ikkje har skrive, men dei siste dagane er det wikipedia som har fått tekstane mine. Der er det ein Ukens konkurranse kvar veke, og eg har vore konkurranseleiar der nokre gonger no. Denne veka skriv vi om Argentina, sist veke var det om sykling, veka før det var det om Troms og Finnmark og første veka i september handla det om Aust-Agder og Vest-Agder.

Sjølv om eg er konkurranseleiar, betyr det ikkje at eg skriv så mykje sjølv, men eg tenkjer at det jo er naturleg å vere med litt i arbeidet når ein først er med som konkurranseleiar. I konkurransen om Agder vart det oppretta 157 nye artiklar. Det kom 45 nye artiklar om Troms og Finnmark. Sykkelkonkurransen gjekk samstundes med VM i sykling, så då var det jo mykje å skrive om, den gav 92 nye artiklar. Til no er det kome 48 artiklar i konkurransen om Argentina. Som konkurranseleiar prøver eg å lese gjennom dei fleste. Dermed lærer eg noko nytt kvar dag.

Ettersom vi skriv om Argentina denne veka, gjekk eg innom Fretex i Mandal for å sjå om dei hadde ei eller anna bok med stoff om den delen av verda. Jordens land og folk – Sør-Amerika hamna då i handleposen, ei stor bok til 19 kroner. Dagens Aftenposten kosta 35, til samanlikning. Målet var å finne litt stoff om folkegrupper i Argentina. og det fann eg og, men om det vert nokon artikkel, er eg ikkje sikker på. Men eg lova Fretex at dei skulle få boka tilbake, så kunne dei selje henne ein gong til noko seinare.

Lurer du på kva eg har skrive om i den konkurransen? Eg har laga fem nye artiklar, dei er ganske så ulike i tema. Som oftast finn eg ein artikkel på engelsk og nyttar stoff frå den, gjerne med litt frå andre versjonar av wikipedia også. Den første nye artikkelen eg laga i konkurransen denne veka var om ein busk som bare veks i Argentina, Berberis microphylla. Deretter skreiv eg om landet sin første president og om byen Bahia Blanca, som har norsk konsulat. Så omsette eg ein artikkel om Argentinas nasjonalkongress.

Den siste nye artikkelen eg skreiv, var om sjømannskyrkja i Buenos Aires. Det skjedde noko tilfeldig. Eg er ven med Torkild Masvie på Facebook, og han skreiv at han hadde nokre feriedagar i Buenos Aires, der han budde då han var liten gut. Far hans var sjømannsprest der. Då tenkte eg at eg kunne finne stoff om sjømannskyrkja og lage ein artikkel, og det gjorde eg, for på heimesida til sjømannsmisjonen er det historiestoff om kyrkjene dei har og har hatt. Eg chatta med Torkild etter eg hadde skrive artikkelen, og då fekk eg eit bilete av tomta der kyrkja, som no er riven, hadde stått.

Buenos Aires sjømannskirketomt 2015. Foto: Torkild Masvie
Buenos Aires sjømannskirketomt 2015. Foto: Torkild Masvie