Reisetankar

Share

Her er Siri sitt kåseri i Valle Radio tysdag 20. oktober 2015. Ho var ansvarleg denne kvelden og då laga ho dette flotte kåseriet: 

At norrønafolket, det vil fare, er noe jeg er helt enig med Bjørnson i. Vi farer og reiser både hit og dit, og nå enda fortere enn den gang Sigurd dro til Jerusalem. Det som tok flere måneder før, tar åtte-ti timer nå. Vi bytter kjapt kulde og snjo med mild til stekvarm bris, og stakkan og skinnfu med bikini, djellaba og burka i Dubai vel så fort som andre kjører fra Kristiansand til Tromsø i snøfokk med lua langt nedenfor øyebryna. Men det er ei langt stuttare reise eg tenkte på, ho hadde eit mål – målarstuga til Kristin målar i Brokke, og me var tvo med tida og vegen føre oss.

Det var fleire vegkryss underveis, var målet viktig – og måtte me dit så fort som det er lovleg mogleg – eller var vegen målet? Det vart ikkje noko rally frå Bygland til Brokke for oss. Me fann at dei stressa folka gjerne kunne stå i ein fergekø ved Lavik, eller sneie hverandre i kivinga for å nå 50-sona på Frøysnes fyrst – der dei køyrer 70.

Me valde vegen utan gul stripe, og hadde nok å sjå på og røa om. Om han som segna fortel at aldri kom heilt heim til Elingstjønn etter krigen – han fekk berre sjå garden på avstand før han døydde. Om små laftebuer, idyllisk i skogkanten omkransa av stadig meir avkledde lauvtre – dei går frå grønt til eit festfyrverkeri i oransje, gull og raudt til nakne kvite og svarte stammar som strekk seg sultent og krevjande mot den knallblå himmelen.
På Sandnes såg me eit kapell med tærne i vannkanten, og langs vegen vidare lova store kvite traktoregg vinterføde for husdyra, medan attgløymde eple på trea er mat for elg og andre dyr… Om tråvkøyring på ein islagt Åraksfjord ved Heddeviki på 1920- og 30-talet. Det var då, og ikkje no. Det har kraftproduksjonen sytt for. Om to gamle systre på ein plass høgt oppe i lia med utsikt til Reiårsfossen. Mange års slit skal ha bøygd ryggjane krumme – og eg undra meg på om dei fekk sjå nattehimlen med alle stjernene, så krumbøydde som dei hadde vorte.

Me køyrde ikkje over til Ose, men fortsatte mot Austad, forbi eit ungdomshus som fortel om ei fortid der folk ikkje reiste så langt som no utan vidare. Fortid, ja. Huset som Bendik Stubseid var med på å reise, akkurat som ungdomsforeninga, er også de mange no vil kalla en «hasbeen» – har vore – der det stend tannlaust og blindt utan glas, og er på veg attende til den naturen materiala i det kom frå. Det er forresten rart med Bendik, læraren som reiste frå Askvoll i Sogn og Fjordane til Austad der han slo seg ned, og vigde to gonger. Den fyrste kona levde ikkje så lenge, men Mari Olavsdotter Hegland levde fem år lengre enn mannen. To av borna, sønene David og Bjørn, kom etter kvart til min heimkommune – Glemmen i Fredrikstad. Rare greier. David reiste frå Bygland til Tromsø, Karasjok og Notodden før han fann roa i byen der øst, og nokre år seinare kom Bjørn og.

Men, vegen tok oss vidare langs gamle og nye hus, nymåla og avskalla, grå; fråflytta og einsame som før hadde romma foreldre og månge born – no vitjas dei berre nokre få dagar i året; men OG nye hus med liv veggane. Han vart smalare og fekk eit dekke av sand, vegen, meir privat og inviterte til å leva langsomt. Fjøddi blei steile og kom nær, og i mellom låg ein trolsk skog med mose som såg mjukare ut enn dei mjukaste dynene. Etter at vi passera ein utdøydd og stille motorcrossbane på Hækni, frista framleis ikkje rallybanen på vestsida, så me heldt til høgre og fortsatte mot Straume. Langs den vegen reiser eit stort laftebygg reiser seg mellom den og elva. I det har Stein Føreland Straume planar om å ha kommandoen over 400 vinterfora sauer etter kvart. Litt av eit bygg! Etter brua over Straumsfossen kunne me ikkje velja meir, det blei beine vegen (nesten!) opp til Brokke. Ok, ein liten pause fekk me før reisa enda hos Kristin Brokke, det var oppe i høgda og me fekk eit utrolig utsyn over Rysstad, Bjørgum og meir til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *