Rune & Margit & Moi

Share

Onsdagskvelden var Margit Dale i studio og fortalde om arbeidet med kokeboka som vart lansert i Oslo i dag. Sundag mellom 14 og 16 er det lansering i Valle. I dag var ho i Nitimen og fortalde om prosjektet, då var det god trening å vere i Valle Radio ein halvtime onsdagskvelden, meinte ho.

-Det er ikkje sikkert eg hadde gått i gang med dette om eg hadde visst kor mykje arbeid det var, sa ho. I to år har dei halde på etter at ho fekk ideen til å gjere dette.

-Men korleis fekk du med Rune Andersen og Trond Moi? spurde eg.

-Det var ikkje vanskeleg, begge svarte ja på første telefon, var svaret.

Nå er det ikkje blitt ei vanleg kokebok, det er ei praktbok som høver godt til jolegåve. Den tek brukaren med på ei kulinarisk reise frå Bjåen til Byglandsfjord. Ho er trykt i 5000 i førsteopplaget, men så skal det og kome tre TV-program på TV2. Det er ikkje fastsett kva tid, men planen er at det skal kome før jol. Programma er tekne opp ute i naturen, det var mykje logistikk som måtte ordnast for å få det til. Kjøkken frå Strai vart sett opp og så trylla Trond fram dei gode tradisjonsrettane av kortreiste råvarer. Lanseringa i Oslo skjedde difor hos Strai kjøkken sin butikk der.

Når eg skriv dette, har videoen som Nitimen la ut i dag hatt over 17.000 visningar, så om salet av boka står i stil med det, må dei nok til å trykke nytt opplag før jol.

Takk til Margit og dei andre i prosjektet for jobben som er gjort og ekstra takk til Margit som kom i radioen onsdagskvelden og gav oss ein svært interessant halvtime. Her er innslaget frå Nitimen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *