Skrivekonkurranse

Share

Så skriv vi oktober. Eg tenkjer at eg må kome i gang med blogginga att etter ein liten haustferie i bloggskrivinga.

Det betyr ikkje at eg ikkje har skrive, men dei siste dagane er det wikipedia som har fått tekstane mine. Der er det ein Ukens konkurranse kvar veke, og eg har vore konkurranseleiar der nokre gonger no. Denne veka skriv vi om Argentina, sist veke var det om sykling, veka før det var det om Troms og Finnmark og første veka i september handla det om Aust-Agder og Vest-Agder.

Sjølv om eg er konkurranseleiar, betyr det ikkje at eg skriv så mykje sjølv, men eg tenkjer at det jo er naturleg å vere med litt i arbeidet når ein først er med som konkurranseleiar. I konkurransen om Agder vart det oppretta 157 nye artiklar. Det kom 45 nye artiklar om Troms og Finnmark. Sykkelkonkurransen gjekk samstundes med VM i sykling, så då var det jo mykje å skrive om, den gav 92 nye artiklar. Til no er det kome 48 artiklar i konkurransen om Argentina. Som konkurranseleiar prøver eg å lese gjennom dei fleste. Dermed lærer eg noko nytt kvar dag.

Ettersom vi skriv om Argentina denne veka, gjekk eg innom Fretex i Mandal for å sjå om dei hadde ei eller anna bok med stoff om den delen av verda. Jordens land og folk – Sør-Amerika hamna då i handleposen, ei stor bok til 19 kroner. Dagens Aftenposten kosta 35, til samanlikning. Målet var å finne litt stoff om folkegrupper i Argentina. og det fann eg og, men om det vert nokon artikkel, er eg ikkje sikker på. Men eg lova Fretex at dei skulle få boka tilbake, så kunne dei selje henne ein gong til noko seinare.

Lurer du på kva eg har skrive om i den konkurransen? Eg har laga fem nye artiklar, dei er ganske så ulike i tema. Som oftast finn eg ein artikkel på engelsk og nyttar stoff frå den, gjerne med litt frå andre versjonar av wikipedia også. Den første nye artikkelen eg laga i konkurransen denne veka var om ein busk som bare veks i Argentina, Berberis microphylla. Deretter skreiv eg om landet sin første president og om byen Bahia Blanca, som har norsk konsulat. Så omsette eg ein artikkel om Argentinas nasjonalkongress.

Den siste nye artikkelen eg skreiv, var om sjømannskyrkja i Buenos Aires. Det skjedde noko tilfeldig. Eg er ven med Torkild Masvie på Facebook, og han skreiv at han hadde nokre feriedagar i Buenos Aires, der han budde då han var liten gut. Far hans var sjømannsprest der. Då tenkte eg at eg kunne finne stoff om sjømannskyrkja og lage ein artikkel, og det gjorde eg, for på heimesida til sjømannsmisjonen er det historiestoff om kyrkjene dei har og har hatt. Eg chatta med Torkild etter eg hadde skrive artikkelen, og då fekk eg eit bilete av tomta der kyrkja, som no er riven, hadde stått.

Buenos Aires sjømannskirketomt 2015. Foto: Torkild Masvie
Buenos Aires sjømannskirketomt 2015. Foto: Torkild Masvie

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *