Solskinnsmonarki

Share

Sundag vart eg sitjande framfor TV og sjå på barnedåp frå Slottskyrkan på Drottningholm. Det vart ei fin stund framom skjermen.

Ein ting var ei flott pynta kyrkje, der dei til og med hadde funne fram eit teppe som sjeldan vart brukt og lagt framme i koret. Der kunne dåpsbarnet si syster leike seg medan programmet gjekk.

Ein annan ting var den flotte sangen frå koret på läktaren, ein harpist på eit anna galleri og dirigenten på tredje. Repertoaret var i stor grad på engelsk, men det gjorde vel ikkje noko, Wings of a dove for guttesopran er eit nydeleg stykke.

Liturgien var også fin, i Sverige er det vanleg at presten tek imot barnet og sjølv held det i dåpen, ikkje at foreldra held det, og etterpå vart prinsen lyfta høgt opp og synt fram for kyrkjelyden som det nyaste medlem, noko gråtande med stor røyst, men akkurat då han vart lyfta opp, var han stille og undrande, slik som det høver seg når underet i dåpen har skjedd.

I Dagens Næringsliv var det i dag ein artikkel om monarkiet i Norge, den vart kalla Solnedgangsmonarki og han som skreiv den, meinte nok at det gjekk mot slutten av monarkiet i Norge, men at vi har langsam solnedgang her oppe i nord. Han siterte Knut Olav Åmås, direktøren i Fritt Ord, som sundag hadde ein artikkel i Aftenposten om monarkiet og då hadde eit motsett syn: Monarkiet verkar i praksis, det er ein viktig tradisjonsbærar, arv er ein berande institusjon i samfunnet og at ein republikk ikkje ville gjere Norge meir demokratisk.

Vi snakkar av og til om statsform i Norge med elevane på vaksenopplæringa og når dei lurer på kvifor vi har monarki i Norge, seier eg at det neppe er betre eller billigare å velje president med jamne mellomrom, så vi held på tradisjonen med å ha konge her i landet.

Det som imponerte meg mest i TV-overføringa frå Sverige var første salma dei song: Tryggare kan ingen vara. for då song dei med, frå alle stolar og benker i kyrkja. Dei såg ikkje i programmet ein gong, det verka som om dei kunne alle versa. Det er alltid ei glede å sjå gudstenester på svensk TV, for det er mykje fin sang der. Men denne gongen var det ikkje kor og solistar, men ein engasjert kyrkjelyd med heile den svenske politiske leiinga som song Lina Sandells vakre song. Det kallar eg solskinnsmonarki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *