Syngjande matrosar

Share

Dei syngjande matrosane frå Haag i Nederland gjesta Valle i dag. Det vart ei oppleving for oss som fekk høyre dei.

Eg hadde ordna med Siri, slik at ho tok programmet i radioen i kveld, dermed kunne eg gå i Valle kyrkje klokka 18. Eg kom der i god tid, kanskje 17.40, då stod det alt mange utanfor kyrkja og venta. Songarane måtte skifte klede i kyrkja, så dørene var lukka. Men så opna dei og forventningsfulle folk strøymde inn i kyrkja.

Det heile starta med ei avdeling folkemusikk som Kirsten Bråten Berg presenterte. Ho hadde med seg Eldbjørg Trydal Rysstad og Sigurd Brokke, og sanneleg kom ikke korsongarane med i bånsullar og stev, dei og. Dei hadde hatt semniar med Kirsten på Sylvartun tidlegare i dag og då hadde Jamie vore innom og spelt hardingfele for dei.

Men så var det tid for det klassiske programmet, og det var vakkert.  Tårer pipla i augekroken både ein og fleire gonger, kombinasjonen av orgel og korsang rører noko i meg. Her fekk vi musikk av Vivaldi til å begynne med: Gloria. Så var dei innom fleire komponistar, både Bach og Faure, før dei avslutta med noko frå Mozarts kroningsmesse.

Fleire av koristane fekk prøve seg som solistar, av og til song bare grupper av koret, då sette dei andre seg. Dei kan begynne i koret når dei er 4-5 år og held på til dei er 18. Yngste songaren som var med på turen til Setesdal var 8 år. Guttesopranen som song solo i kroningsmessa var svært god, og klangen i koret som heilskap var vakker både på svak styrke og når dei tok i. Som ekstranummer fekk vi Hallelujakoret etter at korets dirigent hadde gjeve gåver til dei som var med og ordna opphaldet i Valle.

For songarane, som bur  på Gautestad, hadde det vore ein lang dag, og nokre av dei lurte seg til ein geisp under konserten. Men dei trollbatt meg med den flotte sangen. Og så var det moro å høyre orgelet i full bruk, det er eit godt instrument.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *