Program veke 49, 2015

Share

Tysdag 1. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 2. desember
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Regionrådet informerer
20.00 Sondres time. Gjest: Sigrid Jore
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt
*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

 

På kurs

Share

Denne veka var eg på Quality i Kristiansand frå måndag kveld til onsdag ettermiddag. Det var kurs i Utdanningsforbundet, storkurs kallar dei det når dei kallar inn til to dagars samling om aktuelle tema.

No er det ei stund sidan eg har hatt ein så aktiv rolle i Utdanningsforbundet at eg har reist på kurs. Men det var interessant og lærerikt, det gav meg fagleg påfyll, som det heiter.

Eit av dei emnene som var oppe, handla om det psykososiale arbeidsmiljøet. Vinklinga var i høve til dei som ikkje er heterofile, og vi fekk ei fin oppdatering på situasjonen i Norge no. Dette er eit av dei tema som elevane mine undrar seg mest over, at folk av same kjønn kan gifte seg i Norge. Difor vert det ein del samtalar om dette når vi kjem til kapitlet Hjem og familie i lærebøkene.

Hilde Arntsen frå LLH (Landsforeningen for Lesbiske og Homofile) var ein dyktig foredragshaldar frå Rosa Kompetanse.

Etter denne første økta fekk vi foredraget Systematisk arbeid med forebygging av skolefravær. Erfaringer med hva som virker! Anneli Otnes hadde, til tross for ung alder, brei erfaring med dette. Det var eit intervju med henne i Forbundsnytt frå Utdanningsforbundet. Eg siterer litt frå det: 

– Årsakene til fravær er komplekse, men det kan starte med en enkelt utløsende faktor – fravær i forbindelse med en brukket fot, frykt for fremføringer, dusjing etter gymmen, feil ski til skidagen. Etter hvert begynner fraværet derimot å leve sitt eget liv. Man faller stadig lengre bak sosialt og faglig, og det blir i seg selv grunn til å holde seg borte fra skolen, forteller psykolog Anneli Otnes.

Du kan lese heile intervjuet i Forbundsnytt  ved å trykke på lenka.

Det siste foredraget måndag handla om  Inkluderende arbeidsliv.  Øyvind Steinklev frå Arbeidslivssenteret. Han hadde vore på kurs for tillitsvalde i Utdanningsforbundet før, og eg siterer frå eit referat frå tre år sidan: IA handler om mye mer enn sykefravær og tall. IA avtalens overordnede mål er å forebygge og redusere sykefravær, styrke jobbnærværet og bedre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøting og frafall i arbeidslivet.

I alle fylker er det etablert egne kompetansesentra som samarbeider med virksomheter som ønsker å bidra til et mer inkluderende arbeidsliv (IA). I Aust-Agder ligger NAV Arbeidslivssenter Aust-Agder på Harebakken i Arendal.
Arbeidslivssenteret samarbeider nært med virksomhetene som er med i IA avtalen med informasjon og kurs, gode råd og er aktive samtalepartnere for et mer inkluderende arbeidsliv.
Les mer og finn kontaktinformasjon her:

http://www.nav.no/Lokalt/Aust-Agder/NAV+Arbeidslivssenter

Reisebrev frå ein annan breddegrad 2

Share

Her kjem andre del av Siri Johannessen sitt kåseri i Valle Radio tysdag 24. november 2015:

Mange har spurt meg om korleis eg kledde meg, og kva med tru? Kleda var for meg ikkje noko problem. Vanleg t-skjorte, eller korterma skjorte og olabukser var heilt ok. Ville eg symja, kunne eg dra til Hilton og nytta stranda der. Meen, mindre klede enn det, det hadde gått gale. Det er ikkje skikken der, og som god gjest tykte eg det var greitt.

Tru var på mange vis enklare enn i Noreg. Friare, meir respekt for einannan, mindre fordomar. Ok, eg kunne ikkje drive med evangelisering, då hadde dei sendt meg heim snøggare enn snøggast, det er så. Men det var godt mogleg å røe om tru og ikkje tru, samanlikna, anten det var med ein buddhist, hindu eller muslim. Der har me nok ein del å læra, trur eg. Det var ei stor overrasking for ei som trudde hu kom frå eit sivilisert land.

Tru ja, då eg flutte bytte eg ut kyrkjeklokkene med moskear med muezzinar som kalla til bøn fleire gonger dagleg, og på fredagar var søndag med anglikansk gudsteneste. Det gjekk greitt, muezzinanes rop vart mine kyrkjeklokker og når muslimane bad, bad eg med. Om enn ikkje til Allah. Om kontoret var travelt (ope kontorlandskap er ein uting!) kunne eg ta ein tur til eit lite kontor nokre minutt og be, før eg trakk i snora og vende attende til papirstablane 🙂

Men, eg får gå til årsaka til at desse minna dukka fram. 13. november gjekk terroristar til åtak i Beirut og Paris, og reaksjonar frå inn- og utland minna meg om noko som hende på ein tur på vegen frå Friday market i Hattafjella til heimen min. Eg møtte ei militærkolonne. I Noreg snautt noko å lyfte eit augnebryn for, men der eg møtte han, medan han langsamt, som ein grøn, ledda snigel kraup opp bakken fraus eg brått. Store lastebilar med svanehalshengarar. På dei såg eg store «haugar».

Var det beltevogner og tanks – eller verre, tru?

Lasta var dekka av kamuflasjenetting i ørkenfargar, og eg fekk meg ikkje til å granska det nærare. Mellom dei store var det mindre lastebilar, fulle av soldatar i «rette klede», og eg stokk. Kva no, er det noko på gang i Hormuz? Måtte me evakuera? Skjer det noko i Ras al-Kaimah? Iran? var tankar eg gjorde meg medan me passerte einannan i langsam fart. Eg ville heim så snart råd var, heim til internett og andre frå vesten. Finne ut kva det her var. Ei stund seinare var eg letta. Ikkje noko å finna, nokon stad. Takk og lov.

Etterpå slo det meg at hadde dette vore i Nederland eller Noreg hadde eg truleg glodd interessera og grubla på kor skal dei no på øving? Det er utruleg kor stor skilnad nokre breddegradar kan gjere.

Reisebrev frå ein annan breddegrad

Share

Her kjem første del av Siri sitt kåseri i Valle Radio tysdag 24. november 2015:

Førre gongen reiste me frå Bygland via Austad og Straume til Brokke i flott haustver. Denne gongen vil eg take dykk med eit lite hopp 28 breddegradar sørover og 49 lengdegradar austover til Fujairah, eit av dei sju emirata på det vesle hornet som mest stikk inn i Iran.

Hormuz-stredet. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team, NASA/GSFC
Hormuz-stredet. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team, NASA/GSFC

Dei sameinte arabiske emirata ligg mellom Persiabukta og Arabiahavet, og Hormuzstredet som dannar grensa i nord mot Iran var velkjend i avisartiklar for nokre år sidan. Men ikkje på ein god måte. Eg trur dette trygt kunne kallast ein heit stad på mange vis, den gongen.

Då eg reiste dit for å jobba vart eg til dømes tidleg åtvara om at viss me tok ein helgetur til Ras al-Khaimah i nord for å sigla, måtte me halda oss godt unna grensa med Iran. Kystvakta var snare til å hanka inn siglarar og andre som på eit eller anna vis kryssa over. Her var ikkje nokon kjære mor og «jai ikke se den grense under (eller over) vann» som Harald Heide-Steen ein gong sa.

Me måtte og vere forsiktige med å fotografera emiratis og kvinnene deira, nett som installasjonar som den eg arbeidde på og forsvarsområde. Det meste av det her gjer eg heller ikkje utan vidare andre stader. Så… Eigentleg ikkje noko problem – men det er jo så at om ein verkeleg ynskjer å laga krøll er det godt mogleg.

Vener og kjende undra seg på korleis det skulle gå meg, eit kristent, ugift kvinnfolk, i eit muslimsk land. Heilt
ærleg, den tanken hadde eg ikkje tenkt føre spørsmåla kom. Eg reiste og møtte eit land med kontrastar. Dels store.

Særs grovt inndela var det tre ulike slag folk der.

Dei tjenande som kom austfrå, frå Filipinane, Malaysia, Pakistan, Nepal – om dei hadde streika trur eg det meste hadde stogga.

Folk frå vest, frå Europa og USA, i høgare og meir spesialisera funksjonar innan bygg- og anlegg av ymse slag, kommersielt (t.d. sal, logistikk) og emiratis.

Dei siste var dei styrande, dei arbeidde i politi og forsvar, eigde bedrifter. I immigrasjonstenesta og politiet arbeidde forresten både menn og kvinner, eg vart godt motteken av ei svartkledd kvinne då eg registrerte meg.

Andre kontrastar såg eg i butikkane. Luksusbilar og supermarknadar med utallege variantar av alt frå meloner i bitar til silkesariar, og i Ramadan ei overflod av søtsaker, kaker, dadlar og… Blant kundane var damer i hijab eller burka, med eller utan forseggjort metallpynt i staden for trådgitteret (ein ide for Hasla kanskje?)

Butikken på hjørnet var mest ei brustadbu med snautt ein meter mellom hyllene og asiatar i kassa – men og butikkar som likna meir på Coop eller Joker – utan at dei kunne selje øl eller gris, då. Nokre få butikkar hadde eit eige rom langt bak i butikken med oppslag om at det var forbode for muslimar å gå inn der. Der var grisekjøtet.

Då eg kom til Emirata var det sommar, godt og varmt. Rundt 50 grader og ei luftfuktighet som nærma seg 100. Du opna dynni på veg til jobb, og ergra deg over å ha gløymd kniven du trong for å skjera ut ei blokk av varme-veggen så du kom deg ut. På jobben hadde sjefane parkeringsplass under solsegl, medan resten av vesterlingane parkera på ein plass utan skuggje, så air-condition i bilen var naudsynt om du ikkje ynskte steikt bakende etter jobb. Bussar sytte for at arbeidarane frå aust kom til og frå byggjeplassen.

Meir fylgjer i morgon

Siri som ansvarleg

Share

I kveld sit eg og er takksam til Siri Johannessen fordi ho tok ansvar for kveldens sending i Valle Radio. Sjølv har eg vore på kurs i Kristiansand i dag. Som tillitsvald i Utdanningsforbundet var det min tur til å reise på kurs. No er det ei stund sidan sist, og det var mange nye fjes, men og nokre eg hadde møtt tidlegare.

Det kan vere fint å få litt fagleg påfyll både i høve til aktuelle spørsmål i tida og kva som rører seg i skulen. Vi har i dag høyrt om inkluderande arbeidsliv, frå skulefråvær til skulenærvær og om det psykososiale miljøet. Alle foredraga var opplysande og interessante. I tillegg vart det hyggeleg prat med mange folk, så når eg no skriv dette, er eg nok meir klar for senga enn for å skrive ein lang blogg.

Men eg var innom på Setesdalswiki og såg på programmet Siri hadde laga i mitt fråvere og gledde meg over ein variert kveld i Valle Radio der ho hadde fått mange med på laget for å gje lyttarar ein variert kveld med både aktuell informasjon og solid forkynning. Med folk frå museet til å snakke om aktuelle saker og Kristin Brokke sitt engasjement for asylsøkjarane som bur på Rysstad hadde kvelden gode journalistiske kvalitetar i tillegg til musikk og øvrig stoff. Difor ein stor takk til Siri som tok ansvar for kvelden.

Flyktningar i Valle

Share

I dag hadde vi eit møte med mange av dei som er involvert i arbeidet med flyktningar i Valle. I møtet foreslo eg at vi burde lage ein plan for arbeidet. Eg hadde vore på nettet og funne at fleire kommunar har laga slike planar, Flyktningekonsulenten meinte at ho kunne få ferdig ein slik plan til drøfting før jol, så no får vi vone at det kan bli tid til det.

Her er nokre planar som ligg på Internett:

Nittedal kommune, Askøy kommune, Alta kommune, Kongsvinger kommune, Tynset kommune, Åsnes kommune,

 

 

Progam for veke 48, 2015

Share

Tysdag 24. november

Ansvarleg: Siri Johannessen
1800: Kvarteret
1815: Andakt: Carl Fr. Wisløff

1830: Aktuelt: Anders Dalseg og Johanne Cecilie Fiane Hortemo

1900: Sangtimen. Marja-Leena Steinbru i studio

2000: Møteplassen – Stig Rydland i samtale med Trygve Bjerkreim

2030: Postludium: Henrik West

2100: Kyrkjebakken med m.a. Henrik West

Onsdag 25. november
Teknikar: Inga Flateland
18.00 Kommunestyremøte
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Folkevaldopplæring osb

Share

Onsdag sende eg ei melding til ordførar Steinar Kyrvestad: Kan du kome i Valle Radio i kveld klokka halv ni og opplyse oss om snuplass i Garo, ein rektor, delegasjonsreglementet og folkevaldopplæring?

Det kunne han. I tillegg fekk vi vite litt om kor viktig det er for bøndene å ha landbruksrådgjevinga i Setesdal, det er dei som hjelper med søknader til Innovasjon Norge og andre aktuelle spørsmål som bøndene måtte ha, og Steinar er i styret for dette arbeidet.

Praten vår starta med folkevaldopplæring, for det nye kommunestyret hadde hatt det måndag og tysdag på Sølvgarden. Der hadde etatsjefar vore innom og fortald om kva dei held på med, mellom anna. I år er det etter måten mange nyvalde, fekk vi høyre.

Deretter fekk vi ein gjennomgang av saka om snuplass i Garo, der ordføraren fortalde om korleis dei hadde gått opp Brokkebakken heilt til Haugeland for å få eit bilete av skulevegen. Eg tenkte at det jo er Brokkedilten, den går og frå botnen av bakken og opp til Haugeland. Men dei brukte nok mykje lenger tid. No har formannskapet eit samrøystes framlegg til løysing som skal opp i kommunestyret i neste veke.

Spørsmålet om ein rektor for dei to skulane er etter ordføraren si meining ei større omorganisering i kommunen og skulle difor vore handsama politisk. No kjem saka opp i Administrasjonsutvalet, så får vi ta det politiske arbeidet vidare derifrå, meinte den nyvalde ordføraren, som var heilt klår på at det nyvalde kommunestyret ikkje hadde planar om å legge ned Hylestad skule.

Siste saka vi var innom var delegasjonsreglementet, kommunestyret delegerer mynde til å avgjere saker til andre politiske utval, og i år har det tidlegare skule- og kulturutvalet fått utvida oppgåver og nytt namn, no heiter det levekårsutvalet og får delegert oppgåver innanfor helse i tillegg til det dei hadde frå før.

Tida gjekk fort i samtalen, plutseleg hadde vi prata ein halv time utan musikk. Då var klokka 21 og det var tid for opi sending.

Slumpetreff

Share

I dag kom det minneord i Setesdølen om Per Naas. Han var truleg den siste attlevande av dei som var med i Bygland kommunestyre 1955-1959. Dermed vart endå ein av artiklane om folka i dette kommunestyret blå. No er det bare fire røde lenker att, så er alle dei blå. Men dei fleste artiklane er enno bare små stubbar, eg har ikkje eingong fått innspel til kva parti dei representerte, heller ikkje Per Naas har eg enno fått denne informasjonen om. Men meir kjem nok etter kvart.