Hyggeleg debut

Share

I kveld var Liv Tanche-Larsen programleiar i Valle Radio for første gong, med god støtte av Ørnulf Hasla. Eg fekk ikkje høyre første del av debuten hennar, men kom inn då ho vart intervjua av Ørnulf og fortalde litt om seg sjølv. Så fekk eg med meg praten ho hadde med Margrete Mosdøl om oppstart av veterankorps i Valle, men det siste innslaget hennar i den aktuelle timen forsvann i ein telefonsamtale eg fekk.

Opi sending i kveld var det Britta Lise, Lotte og Ørnulf som hadde, og då ringde eg inn og fekk vere med i studio og altså kom oppi bollen. Eg vart trekt opp att og fekk DVD frå Hylestadrevyen i premie etter å ha løyst ein rebus om Vassendgutane. Andre vinnarar var Torhild Lunden, Nora Brokke, Gyro Uppstad og Gyro Kopperud.