Nytt om Riksveg 9

Share

Arbeidet på parsellen Sandnes-Harstadberg like sør for Vallebygda går sin gang. No for tida må vi ofte stå eit kvarter og vente medan maskinar ryddar vegen etter sprenging mellom Hallandskrysset og Kveste.

Det er ganske mykje fjell som skal bort ved Harstadberg, for det skal kome sykkelsti ved sida av vegen. Ein kan ikkje anna enn beundre dei som gjer jobben med store maskinar høgt oppe i fjellsida. Men når ein har stått og venta i 15 minutt og ligg midt i køen, er det ikkje mykje ein får med seg når det er klart for å kjøre, då er det bare å halde plassen gjennom vegarbeidsområdet.

Litt nede i lia skal vegen leggjast om og gå lenger nede mot elva før han igjen kjem inn på noverande veg. Vi kan nå sjå korleis veglina er lagt.