Gamle aviser

Share

De som kjenner meg, veit at eg godt kan finne glede i gamle aviser. For ei tid tilbake overtok eg arkiverte Setesdølen som kommunen ville kvitte seg med. Det høvde jo godt for meg som skriv inn overskriftene i avisene på Setesdalswiki. Eg har vel ikkje alle nummer av Setesdølen tilbake til starten, men eg har mange.

I dag, då eg skreiv om Bygland kommunestyre 1955-1959 fann eg ut at eg skulle sjå i nokre gamle aviser etter informasjon om dei som var med i det kommunestyret. Eg fann ikkje det eg leita etter, men eg fann jo mykje anna interessant, så det var meiningsfylt.

Setesdalswiki har ei liste over ordførarar i Evje og Hornnes. Den kommunen er frå 1960-talet, og eg hadde etter kvart fått artiklar om alle, men ikkje om Carl M. Thorsen. Men i nr. 3, 1992 fann eg eit stort intervju med Thorsen, dermed fekk eg nok stoff til ein leksikonartikkel om han. I avisa er artikkelen på to sider og tek opp mange aktuelle saker ved inngangen til hans ordførarperiode. Dei kom ikkje med i leksikonartikkelen, den handlar om Thorsen sitt liv fram til han vart ordførar. Det stoffet måtte eg finne rundt om i artikkelen, for intervjuaren krydrar det aktuelle stoffet med litt informasjon om mannen. På den tida hadde dei ikkje byline i Setesdølen, men eg tenkjer at det nok er redaktøren sjølv som har vore på ordførarkontoret på Evje, som på den tida var i Sentrumsbygget.

Smått om senn veks leksikonet for Setesdal med stoff mellom anna frå gamle aviser.