Reisebrev frå ein annan breddegrad

Share

Her kjem første del av Siri sitt kåseri i Valle Radio tysdag 24. november 2015:

Førre gongen reiste me frå Bygland via Austad og Straume til Brokke i flott haustver. Denne gongen vil eg take dykk med eit lite hopp 28 breddegradar sørover og 49 lengdegradar austover til Fujairah, eit av dei sju emirata på det vesle hornet som mest stikk inn i Iran.

Hormuz-stredet. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team, NASA/GSFC
Hormuz-stredet. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team, NASA/GSFC

Dei sameinte arabiske emirata ligg mellom Persiabukta og Arabiahavet, og Hormuzstredet som dannar grensa i nord mot Iran var velkjend i avisartiklar for nokre år sidan. Men ikkje på ein god måte. Eg trur dette trygt kunne kallast ein heit stad på mange vis, den gongen.

Då eg reiste dit for å jobba vart eg til dømes tidleg åtvara om at viss me tok ein helgetur til Ras al-Khaimah i nord for å sigla, måtte me halda oss godt unna grensa med Iran. Kystvakta var snare til å hanka inn siglarar og andre som på eit eller anna vis kryssa over. Her var ikkje nokon kjære mor og «jai ikke se den grense under (eller over) vann» som Harald Heide-Steen ein gong sa.

Me måtte og vere forsiktige med å fotografera emiratis og kvinnene deira, nett som installasjonar som den eg arbeidde på og forsvarsområde. Det meste av det her gjer eg heller ikkje utan vidare andre stader. Så… Eigentleg ikkje noko problem – men det er jo så at om ein verkeleg ynskjer å laga krøll er det godt mogleg.

Vener og kjende undra seg på korleis det skulle gå meg, eit kristent, ugift kvinnfolk, i eit muslimsk land. Heilt
ærleg, den tanken hadde eg ikkje tenkt føre spørsmåla kom. Eg reiste og møtte eit land med kontrastar. Dels store.

Særs grovt inndela var det tre ulike slag folk der.

Dei tjenande som kom austfrå, frå Filipinane, Malaysia, Pakistan, Nepal – om dei hadde streika trur eg det meste hadde stogga.

Folk frå vest, frå Europa og USA, i høgare og meir spesialisera funksjonar innan bygg- og anlegg av ymse slag, kommersielt (t.d. sal, logistikk) og emiratis.

Dei siste var dei styrande, dei arbeidde i politi og forsvar, eigde bedrifter. I immigrasjonstenesta og politiet arbeidde forresten både menn og kvinner, eg vart godt motteken av ei svartkledd kvinne då eg registrerte meg.

Andre kontrastar såg eg i butikkane. Luksusbilar og supermarknadar med utallege variantar av alt frå meloner i bitar til silkesariar, og i Ramadan ei overflod av søtsaker, kaker, dadlar og… Blant kundane var damer i hijab eller burka, med eller utan forseggjort metallpynt i staden for trådgitteret (ein ide for Hasla kanskje?)

Butikken på hjørnet var mest ei brustadbu med snautt ein meter mellom hyllene og asiatar i kassa – men og butikkar som likna meir på Coop eller Joker – utan at dei kunne selje øl eller gris, då. Nokre få butikkar hadde eit eige rom langt bak i butikken med oppslag om at det var forbode for muslimar å gå inn der. Der var grisekjøtet.

Då eg kom til Emirata var det sommar, godt og varmt. Rundt 50 grader og ei luftfuktighet som nærma seg 100. Du opna dynni på veg til jobb, og ergra deg over å ha gløymd kniven du trong for å skjera ut ei blokk av varme-veggen så du kom deg ut. På jobben hadde sjefane parkeringsplass under solsegl, medan resten av vesterlingane parkera på ein plass utan skuggje, så air-condition i bilen var naudsynt om du ikkje ynskte steikt bakende etter jobb. Bussar sytte for at arbeidarane frå aust kom til og frå byggjeplassen.

Meir fylgjer i morgon