27 år i Epcot

Share

Tysdagskvelden var Ørnulf Hasla i Valle Radio og fortalde om årets tur til Epcot-senteret i Florida. Denne gongen var han saman med Gunnhild, som er butikksjef i Oslo. I mange år hadde han ein to vekes tur, først til Norsk Høstfest i Minot, og så vidare til Epcot, men no er høstfesten flytta fram til månadskiftet september-oktober, så no høver ikkje eit slikt opplegg.

I staden flaug han med Bjørn Kjos sitt Dreamliner-fly frå Oslo til Orlando. Der var dei ei veke, så gjekk turen heim, og då han kom i radioen, hadde han framleis jet-lag.

Hasla er det einaste firmaet som har vore i den norsk paviljongen på Epcot heilt frå starten. Det hadde sin grunn i at ei kvinne ein dag kom på døra i butikken og lurte på om Hasla ville vere med, og så heiv dei seg på det. Logistikken er steinhard, om dei ikkje klarar å levere i tide, misser dei kontrakten, så dei må stå på heile tida. Då han kom dit første gong då paviljongen skulle innviast, tykte han at Hasla sine produkt ikkje var særleg synlege. Men det var fordi dei vart utselde første veka, så han fekk ny ordre same dagen, og sidan har det gått slag i slag.

Det var mykje folk der, dyrt å kome inn er det og. Men det er så mykje folk at dei har sett opp prisane for å kome inn og slik prøve å redusere tilstrøyminga, Vi såg eit bilete på facebook, der gjekk folk i kø, og slik var det heile dagen, fortalde Ørnulf, som og fortalde at det var policy å ha så godt nett i parken at folk kunne dele bilete på facebook heile tida. 200.000 kunne vere på nett samstundes. Vi tenkte jo litt på Hot Spot Setesdal då han fortalde det. Det er viktig at folk kan dele bilete når dei tek dei, det skaper interesse og gjer at vennene til gjestene får lyst til å kome.

Halvtimen i studio denne kvelden gjekk fort. Eg vonar lyttarane hadde glede av samtalen, det hadde i alle fall eg. Eg lærte mykje, men sjølv om Dreamlineren var ei unik flyoppleving, vert det neppe nokon Epcot-tur på meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *