Akuttmottak på Sølvgarden

Share

I går hadde eg Trygve Rysstad med meg i studio. Han fortalde om arbeidet med å få i gang akuttmottak på Sølvgarden, der dei har skrive kontrakt med UDI om å ta imot vel hundre flyktningar som har asylsøknadene til handsaming.

Dei skulle ha kome tysdag, så var det natt til onsdag, så vart det torsdag. Det siste eg høyrde var at dei skulle kome klokka 2 natt til fredag. Det er vanskeleg å vite noko, fortalde Trygve, dei skal kome frå Råde, og der veit dei knapt noko frå time til time.

Sist han hadde asylsøkjarar buande i hyttene på Rysstad Feriesenter var i 1993, då var det bosniske og serbiske flyktningar som kom til Rysstad. No ventar han folk frå Syria, Sudan, Eritra, Afghanistan, men han veit ikkje sikkert. På Sølvgarden har dei folk tilsett frå fem ulike land no, men ingen som talar arabisk, så han ville gjerne ha kontakt med folk som tala arabisk.

Å få leige ut hyttene i lågsesong som no er mykje verd for anlegget, som Trygve kjøpte tilbake i år etter at det eit par år var eigd av SR-bank. Men hotellet skal ikkje nyttast til dette, den drifta vil gå som normalt, så jolebord og joleavslutningar vil ikkje bli avlyste. Bestillingar på dette har i år vore langt meir enn tidlegare, så dei tilsette på Sølvgarden har nok å henge fingrane i.

Eg har sjølv budd i ei av hyttene på campingplassen der. Det var i 1991 då eg kom til kommunen. Der hadde eg det fint, det var god plass og godt isolert. Men også dei mindre sommarhyttene skal nyttast, så det kjem nok til å gå ein del straum når folk skal bu der vinterstid. Men kontrakten er bare på 25 dagar i fyrste omgang, så får vi sjå om UDI forlenger. Flyktningane som kjem til Rysstad får ikkje pengar, dei får tak over hovudet og mat, og dei har med seg ein utstyrspakke med sengeklede og vinterklede etter det han hadde fått opplyst. Så Sølvgarden har ordna til kantine i kjellaren, der vil dei servere tre måltid dagleg, slik kontrakta med UDI seier dei skal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *