Åremålsdagar

Share
Gunbjørg Sola
Gunbjørg Sola

I går var vi på Sola og feira at syster mi, Gunbjørg, hadde runda 60 år.  Det høvde ikkje å feire på dagen, så ho drygde eit par veker før festen vart halden, men det var ikkje mindre hyggeleg å feire henne på etterskot. Dottera Grethe og svigersonen Geir Inge hadde saman med sonen Steinar laga eit triveleg program på Strandleiren, der hav og himmel møtest.

Staden heiter endåtil Himmel og Hav, men i gamle dagar reiste vi dit på leir, og då heitte det Strandleiren.  Det var Kinamisjonæren Racin Kolnes som etablerte leirstaden, og Det Norske Misjonsselskap har hatt mykje godt leirarbeid der opp gjennom åra. Då det var tale om å kvitte seg med ein del leirstader, overlevde denne og Åpta, men fleire andre vart selde. No driv ein det også som ein fin overnattingsplass, og KRIK hadde samling der denne helga og nytta vinden til kiting på Solastranda.

Åremålsdagar gjev gode høve til å sjå attende, og det fekk vi denne kvelden og. Med dagens teknolog kan ein setje saman biletkavalkader av det som finst i album og skuffer og plutseleg kunne minnast ting ein har vore med på, men som for lengst var gått i gløymeboka. Eg har ikkje vore flink til å ta bilete frå familieliv, i den grad eg har teke bilete, har det nok helst vore reportasjebilete til bruk i Fiskerens Venn i si tid, seinare til ulik anna publisering. Eg skulle nok ha vore flinkare til å ta bilete frå familieliv og barnas oppvekst, for det var moro å sjå ein slik kavalkade som den vi fekk i går.

På festen i går hadde systrene mine funne kvar sine uttrykk for å helse syster si. Ho som er nærast i alder hadde laga ei helsing med å bruke -ere-verb. og det vart mange fleire enn gratulere. Storesøstera deira hadde saman med mannen sett saman «Scener frå kvardagen» til stor moro for alle gjestene. Vi to brørne heldt oss helst stille denne kvelden, men det betyr ikkje at vi ikkje koste oss.

Åremålsdagar er gode høve til å samlast i glede og takk og ha fellesskap med venner og familie. Takk til Gunbjørg som ikkje bare gjekk forbi milepelen i det stille.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *