Byglandskalenderen 2016

Share
Omtale i Setesdølen 6. november 2015
Omtale i Setesdølen 6. november 2015

Denne kalenderen er no i sal for 100 kroner. Opplaget er bare 300. Bygland Bygdekvinnelag står bak kalenderen, men det er teknikaren min i Valle Radio, Siri Johannessen, som har vore utøvande kunstnar i arbeidet med kalenderen i år. Ho fortener ros for ein interesant kalender, noko ho også får i dagens Setesdølen.

Ein slik bygdekalender vil gjerne ha med historiske glimt, og i denne kalenderen går glimta heilt tilbake til 1800-talet, men og nyare hendingar har fått plass. I tillegg til bilete har Siri funne klypp frå gamle aviser å krydre kalenderen med, då kan historiske hendingar få nytt liv i omtale rundt om etter kvart som nye månader kjem fram i kalenderen.

Siri utfordra meg til å lage eit stev ho kunne ha på Facebook om kalenderen. Det vart til ein liten stevleik, for etter meg kom Svein Kleivane med eit vers, og då fylgde eg opp med eit nytt. Siri skreiv på Facebook:

Måndag stevja Harald Haugland
Ein ny kalender, det må du have,
det kan jo vere ein julegave.
Ein fin kalender er gave god,
av denne kan ein jo kaupe to.

Onsdag svara Svein Kleivane:
Noko å lese, mykje å sjå,
og nok av ting ein kan lure på.
Frå høgtidsstunder og dagleg strid,
gjennom hundre år av svunnen tid.

Harald svara på bygdekvinnelaget si side fredag:
Byglandskvinnene, dei søv ute,
og gjev ut kalender, plent i rute.
2016, det er jo snart,
så kaup den tidleg, då er du smart.

Kanskje kjem det fleire stev om denne kalenderen, i Jol i Setesdal står steva i lysingane, i Byglandskalenderen finn ein dei altså på Facebook.

2 tankar om “Byglandskalenderen 2016”

  1. Du skriv vent om meg Harald, takk 🙂 Men det er tre til – og tvo gode hjelparar som fortener godord med! Eg deler dei gjerne med dei andre, for utan dei – ingen god kalender for 2016. Me tenkte og lette alle etter gode bilete og informasjon om bileta me hadde. Alfabetisk på fornamn hadde eg gode dagar med Klara Wathne som kom med bilete mellom anna frå Byglandsfjord, Magnhild Rygg var okko pott og panne, medan Maryanne Lidtveit fann fram dei fleste steva. Me fekk og mykje hjelp frå Birgit Haugå Nordibø og Aud Almedal.

    1. Uff, eg gløymde reint takka Svein Kleivane! Han spurde eg og om eit stev, eg veit eg er en dårleg rimsmed og stevjar – og han kom! 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *