Ein stille kveld

Share

I kveld var eg heilt aleine i radioen. Eg hadde ingen gjest innom, og eg var teknikar sjølv, så frå klokka 18 til 21.15 var det musikk og prat frå meg. Unntaka var den hjelpa eg fekk frå Norea, Over ein open Bibel med Jakob Trodal og Møteplassen med Jarle Haugland.

Av og til blir det slik. Tysdagssendingane har etter kvart blitt meir like onsdagsprogramma, men når det er normalt onsdagsprogram, prøver eg å unngå å ta opp tema som kan vere aktuelle for programleiaren onsdag. I morgon skal Liv på lufta som programleiar, og ettersom eg ikkje hadde snakka med henne om kva ho skal ha som tema, vart det slik.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *