Folkevaldopplæring osb

Share

Onsdag sende eg ei melding til ordførar Steinar Kyrvestad: Kan du kome i Valle Radio i kveld klokka halv ni og opplyse oss om snuplass i Garo, ein rektor, delegasjonsreglementet og folkevaldopplæring?

Det kunne han. I tillegg fekk vi vite litt om kor viktig det er for bøndene å ha landbruksrådgjevinga i Setesdal, det er dei som hjelper med søknader til Innovasjon Norge og andre aktuelle spørsmål som bøndene måtte ha, og Steinar er i styret for dette arbeidet.

Praten vår starta med folkevaldopplæring, for det nye kommunestyret hadde hatt det måndag og tysdag på Sølvgarden. Der hadde etatsjefar vore innom og fortald om kva dei held på med, mellom anna. I år er det etter måten mange nyvalde, fekk vi høyre.

Deretter fekk vi ein gjennomgang av saka om snuplass i Garo, der ordføraren fortalde om korleis dei hadde gått opp Brokkebakken heilt til Haugeland for å få eit bilete av skulevegen. Eg tenkte at det jo er Brokkedilten, den går og frå botnen av bakken og opp til Haugeland. Men dei brukte nok mykje lenger tid. No har formannskapet eit samrøystes framlegg til løysing som skal opp i kommunestyret i neste veke.

Spørsmålet om ein rektor for dei to skulane er etter ordføraren si meining ei større omorganisering i kommunen og skulle difor vore handsama politisk. No kjem saka opp i Administrasjonsutvalet, så får vi ta det politiske arbeidet vidare derifrå, meinte den nyvalde ordføraren, som var heilt klår på at det nyvalde kommunestyret ikkje hadde planar om å legge ned Hylestad skule.

Siste saka vi var innom var delegasjonsreglementet, kommunestyret delegerer mynde til å avgjere saker til andre politiske utval, og i år har det tidlegare skule- og kulturutvalet fått utvida oppgåver og nytt namn, no heiter det levekårsutvalet og får delegert oppgåver innanfor helse i tillegg til det dei hadde frå før.

Tida gjekk fort i samtalen, plutseleg hadde vi prata ein halv time utan musikk. Då var klokka 21 og det var tid for opi sending.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *