Munnharpe

Share

I Valle Radio har vi hatt ein del munnharpeinnslag. Det er ikkje unaturleg når vi har dyktige musikarar i nærmiljøet. Sigurd Brokke er no ute med ny munnharpeplate, den har han kalla Munnharpe II, det betyr at Munnharpe, ei plate utan tal etter, er å sjå som forgjengar. I tillegg har han gitt ut Rammeslag og Rammeslag 2, der er han saman med Daniel Sandén-Warg.

Før han har vi hatt Bjørgulv Straume som ein dugande utøvar, av hans plater har eg hatt stor glede av Hrynhendt, som han laga saman med Øystein Kikut. Der spelar dei og saman, piano og munnharpe, det er jo ikkje så vanleg å høyre munnharpe i samspel med andre instrument, men å høyre dei spele Sordølen, er ei stor oppleving.

No kjem neste generasjon munnharpespelarar. Eivind Tanche-Larsen Knutsen vart Noregsmeister i klasse C under landskappleiken i sommar og fekk Furestipendet på 5000 kroner for sitt munnharpespel. Han vann og med munnharpa på Bøkappleiken i helga som var.

I sendinga i går i Valle Radio markerte vi Eivinds prestasjonar og fortalde litt om den nye plata. Deretter spelte vi Frujorden, ein slått som Sigurd Brokke har henta inspirasjon til frå feleslåtten av same namn, ein slått etter Tarkjell Aslakson Austad i tradisjon etter Knut Jonson Heddi og Torleiv H. Bjørgum.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *