Reisebrev frå ein annan breddegrad 2

Share

Her kjem andre del av Siri Johannessen sitt kåseri i Valle Radio tysdag 24. november 2015:

Mange har spurt meg om korleis eg kledde meg, og kva med tru? Kleda var for meg ikkje noko problem. Vanleg t-skjorte, eller korterma skjorte og olabukser var heilt ok. Ville eg symja, kunne eg dra til Hilton og nytta stranda der. Meen, mindre klede enn det, det hadde gått gale. Det er ikkje skikken der, og som god gjest tykte eg det var greitt.

Tru var på mange vis enklare enn i Noreg. Friare, meir respekt for einannan, mindre fordomar. Ok, eg kunne ikkje drive med evangelisering, då hadde dei sendt meg heim snøggare enn snøggast, det er så. Men det var godt mogleg å røe om tru og ikkje tru, samanlikna, anten det var med ein buddhist, hindu eller muslim. Der har me nok ein del å læra, trur eg. Det var ei stor overrasking for ei som trudde hu kom frå eit sivilisert land.

Tru ja, då eg flutte bytte eg ut kyrkjeklokkene med moskear med muezzinar som kalla til bøn fleire gonger dagleg, og på fredagar var søndag med anglikansk gudsteneste. Det gjekk greitt, muezzinanes rop vart mine kyrkjeklokker og når muslimane bad, bad eg med. Om enn ikkje til Allah. Om kontoret var travelt (ope kontorlandskap er ein uting!) kunne eg ta ein tur til eit lite kontor nokre minutt og be, før eg trakk i snora og vende attende til papirstablane 🙂

Men, eg får gå til årsaka til at desse minna dukka fram. 13. november gjekk terroristar til åtak i Beirut og Paris, og reaksjonar frå inn- og utland minna meg om noko som hende på ein tur på vegen frå Friday market i Hattafjella til heimen min. Eg møtte ei militærkolonne. I Noreg snautt noko å lyfte eit augnebryn for, men der eg møtte han, medan han langsamt, som ein grøn, ledda snigel kraup opp bakken fraus eg brått. Store lastebilar med svanehalshengarar. På dei såg eg store «haugar».

Var det beltevogner og tanks – eller verre, tru?

Lasta var dekka av kamuflasjenetting i ørkenfargar, og eg fekk meg ikkje til å granska det nærare. Mellom dei store var det mindre lastebilar, fulle av soldatar i «rette klede», og eg stokk. Kva no, er det noko på gang i Hormuz? Måtte me evakuera? Skjer det noko i Ras al-Kaimah? Iran? var tankar eg gjorde meg medan me passerte einannan i langsam fart. Eg ville heim så snart råd var, heim til internett og andre frå vesten. Finne ut kva det her var. Ei stund seinare var eg letta. Ikkje noko å finna, nokon stad. Takk og lov.

Etterpå slo det meg at hadde dette vore i Nederland eller Noreg hadde eg truleg glodd interessera og grubla på kor skal dei no på øving? Det er utruleg kor stor skilnad nokre breddegradar kan gjere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *