Siri som ansvarleg

Share

I kveld sit eg og er takksam til Siri Johannessen fordi ho tok ansvar for kveldens sending i Valle Radio. Sjølv har eg vore på kurs i Kristiansand i dag. Som tillitsvald i Utdanningsforbundet var det min tur til å reise på kurs. No er det ei stund sidan sist, og det var mange nye fjes, men og nokre eg hadde møtt tidlegare.

Det kan vere fint å få litt fagleg påfyll både i høve til aktuelle spørsmål i tida og kva som rører seg i skulen. Vi har i dag høyrt om inkluderande arbeidsliv, frå skulefråvær til skulenærvær og om det psykososiale miljøet. Alle foredraga var opplysande og interessante. I tillegg vart det hyggeleg prat med mange folk, så når eg no skriv dette, er eg nok meir klar for senga enn for å skrive ein lang blogg.

Men eg var innom på Setesdalswiki og såg på programmet Siri hadde laga i mitt fråvere og gledde meg over ein variert kveld i Valle Radio der ho hadde fått mange med på laget for å gje lyttarar ein variert kveld med både aktuell informasjon og solid forkynning. Med folk frå museet til å snakke om aktuelle saker og Kristin Brokke sitt engasjement for asylsøkjarane som bur på Rysstad hadde kvelden gode journalistiske kvalitetar i tillegg til musikk og øvrig stoff. Difor ein stor takk til Siri som tok ansvar for kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *