Utfordringar

Share

Kveldens sending hadde nokre utfordringar som eg vil fortelje om på bloggen.

Eg hadde gjort klart ein del av programmet på Setesdalswiki slik eg pleier, men i dag gjekk nettstaden ned for vedlikehald. Det var fiber inn til datamaskina i Oslo som skulle fiksast, noko som førte til at maskina fekk ny adresse. Når så alt var ferdig, kunne ikkje nettet finne att Setesdalswiki på den adressa som var kjent. Det er system for å endre slikt, men det tek tid.

Dermed måtte eg starte sendinga utan tilgang til det eg hadde planlagt. På sett og vis var vi tilbake der eg var for mange år sidan, før eg tok til å bruke Setesdalswiki til å planlegge radioprogram. Det første var kåseriet, som måtte takast frå hovudet. Men ettersom eg hadde kontroll på det eg hadde planlagt, gjekk det høveleg, sjølv om rekkefylgja vart noko endra.

Sangkveldsoppsettet låg og på Setesdalswiki, men i kveld skulle eg ikkje bruke streaming, men vinyl, så det gjekk bra, for då hadde eg platecoveret å ta utgangspunkt i. Det er forresten flott å høyre Rolf Listrøm syngje, han har så klar diksjon, og samstundes syng han inderleg og følsomt.

Alt i alt kom vi greitt ut av kvelden, sett frå min synsstad som ansvarleg for kveldens program.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *