Triveleg onsdagskveld

Share

Vi har jo av og til diskutert kva vi skal gjere med siste del av onsdagskveldane i Valle Radio. Vi har hatt opi sending sidan vi starta, men med åra har talet på innringarar gått ned. Responsen frå lyttarane er ikkje kva den var, sjølv om mange høyrer på sendinga, er det få som løyser rebusar. I gamle dagar kunne vi ha 80-100 telefonar, no har vi 20-30, det vil seie to-tre på kvar rebus.

I går kveld gjorde Ørnulf ein vri som eg opplevde positiv. I staden for å ha rebusar og prat med folk som ringde inn, hadde han avtalt med folk om samtale om eit emne. Naturleg i denne førjolstida var det då å bruke SPA som tema, og då tenkjer vi ikkje på bading og massasje.

Med seg i studio hadde han Bjørgulv T. Berg, som har redusert sitt engasjement i radioen, framleis står han på andaktslista, men programleiar er han ikkje lenger. Dei snakka saman om temaet, og så hadde dei telefonisk kontakt med Leonhard Jansen, Bodil Nordjordet, May Liss Flateland og Arne Torp. Med hjelp av desse fekk vi oppklart kva ordet kjem frå, det var nok helst Leonhard som hadde den løysinga, han meinte at det hadde samanheng med å spe. Språkprofessoren hadde vore i Danmark og gått forbi mange SPA, men Valle sin jolemat hadde han ikkje særleg greie på. Han snakka om sø, eit ord som blir brukt om suppe.

Dei to kvinnene hadde gode ord om tillaging og om jolemat, og programleiarane hadde god greie på emnet som konsumentar av fiskespa, nepespa og kjøtspa. VI fekk og høyre ein del som kunne tyde på at retten kanskje kunne ha røter heilt tilbake til katolsk tid, då var adventstida fastetid og fisk var på menyen medan kjøtet fekk vente til joledagen. For oss som har jolebord og jolemiddag utover i heile desember var det heilt klart ei forteljing om ei anna tid.

Det vart ein hyggeleg time i ein mørk desemberkveld.